Faktaboks

Jens R. Nilssen
Jens R. eller Jens Richard Nilssen
Fødd
11. august 1880, Valberg i Lofoten
Død
28. mars 1964, Oslo
Jens R. Nilssen
Av /Foto ved Fjukstad.

Jens R. Nilssen var ein norsk avisteiknar, serieteiknar og illustratør, særleg kjent for teikningane sine i kjende teikneseriar som Vangsgutane og Smørbukk på 1930- og 40-talet.

Bakgrunn

Nilssen tok utdanninga si ved Statens handverks- og kunstindustriskule i Kristiania, Statens Kunstakademi (1900) og Krøyers måleskule i København. Han debuterte på Haustutstillinga i 1905. Sjølv om det eigentleg var målar han ville bli, vart han fort lagt merke til for karikaturteikningane sine.

Teikneseriar og illustrasjon

Etter studiane byrja han å teikne for den humoristiske pressa til datida, og med signaturen Jens R. var han ein av dei mest brukte teiknarane i dei tre vittigheitsblada Hvepsen, Humoristen og Karikaturen.

I tillegg laga han ei rekkje bokomslag og gjennomillustrerte barnebøker. Han var også den viktigaste illustratøren i Norsk Barneblad og Nynorsk Vekeblad. Mest kjent er han likevel som pionar innan norsk teikneserieteikning med dei populære seriane Haukepatruljen (1930-ca. 1955), Vangsgutane (1940–1955), Smørbukk (1938–1959) og Tuss og Troll (1944–1955).

Les meir i Store norske leksikon

Eksterne lenker

Faktaboks

Jens R. Nilssen
Historisk befolkingsregister-ID
pf01036392040892

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg