Jens Chr. Hauge var motstandsmann, politikar og advokat. Hauge var under andre verdskrigen leiar for Milorg, den militære delen av Heimefronten. Etter krigen var han forsvarsminister, justisminister og ein viktig industripolitisk strateg i Arbeidarpartiet.
Jens Chr. Hauge tok juridisk embetseksamen i 1937 med framifrå resultat og var aktiv i studentidretten. Hauge engasjerte seg i motstandsarbeid i desember 1941. Alt i januar 1943, berre 27 år gamal, vart han den øvste leiaren for Milorg-styrkane, som ved slutten av krigen talde 40 000 mann. Han heldt nær kontakt med dei norske styresmaktene i eksil. I 1944 var han to gonger i London.
I 1945 gjekk Hauge inn i politikken, først som sekretær for statsminister Einar Gerhardsen. Då Gerhardsen skipa rein arbeidarpartiregjering i november 1945, vart Hauge forsvarsminister, ei stilling han hadde til januar 1952. Etter ein periode på partikontoret var han justisminister frå januar til november i 1955.
I åra som følgde kombinerte han advokatpraksis med viktige strategiske samfunnsoppgåver. Han var den første styreleiaren i Statoil og hadde styreverv mellom anna i SAS, Kongsberg Våpenfabrikk, Raufoss Ammunisjonsfabrikker og Tandbergs Radiofabrikk. I 1978 var han norsk hovudforhandlar i det mislukka forsøket på å få si stand eit svensk-norsk industrisamarbeid gjennom Volvo-avtalen. Hauge engasjerte seg òg i kulturlivet, til dømes ved etableringa av Fritt Ord og som styreformann for Nationaltheatret.
I 1995 blei han tildelt borgardådsmedaljen i gull, den høgaste sivile utmerkinga i Noreg.
Kommentarar
Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.
Du må være logga inn for å kommentere.