Jens er eit mannsnamn som er dansk form av Johannes.

Namnedag er 24. september. Jan har også namnedag denne dagen.

Personar med namnet Jens

Kulturell bruk

  • Den folkelege og humoristiske teikneserien «Jens von Bustenskjold» er delvis bygd på bøker av Falkberget.

Kjende personar med namnet Jens

Eit utval personar med namnet Jens, og som er omtalt i Store norske leksikon:

Namnestatistikk

I 2022 var det 8 619 menn i Noreg som hadde Jens som det einaste førenamnet eller som det fyrste av fleire, og Jens var blant dei hundre mest brukte namnet blant norske menn. I 2022 var det 144 gutar som fekk namnet Jens, og det var blant dei 50 mest populære gutenamna dette året.

Utvikling i bruk av namnet

Jens var mest brukt tidleg på 1800-talet, og i perioden 1800–1804 låg Jens som nummer 10 på ranglista. Mange av dei namna som er innlånte og som har fått ei lydleg justering på nordisk grunn, hadde ein toppfase tidleg på 1800-talet. Dette gjeld også Jens (av Johannes) som gjekk langsamt tilbake utover på 1800- og 1900-talet. Døme på andre justerte namn med ein tilsvarande tilbakegang på 1800-talet er Anders (av Andreas), Lars (av Laurentius), Mads (av Mathias), Mikkel (av Mikael), Nils (av Nikolaus) og Søren (av Severin).

Utvikling i bruk av namnet Jens frå 1800
Utvikling i bruk av namnet Jens frå 1800
Av /Store norske leksikon.
Lisens: CC BY SA 4.0

Geografisk variasjon på 1800-talet

Geografisk variasjon i bruk av namnet Jens på 1800-talet.

Jens var mest brukt i Aust-Agder.

Geografisk variasjon i bruk av namnet Jens på 1800-talet.
Av /Store norske leksikon.
Lisens: CC BY SA 4.0

Jens var mest brukt i Aust-Agder.

Historisk bruk av namnet Jens
Historisk bruk av namnet Jens
Av /Store norske leksikon.
Lisens: CC BY SA 4.0

Les meir i Store norske leksikon

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg