Kanon
Kanon frå Jedinorog på havbotnen. Dykkaren på biletet er Erik Aukan.
Kanon
Av .
Jedinorog
Modell av Jedinorog
Jedinorog
Av /Museene i Sør-Trøndelag, avd. Kystmuseet, Hitra.

Det russiske seglskipet Jedinorog («Einhjørning») var eit militært transportskip som forliste utanfor Hitra på Trøndelagskysten 19. oktober 1760. Skipet var lasta med krigsmateriell, og var på veg frå Kronstadt utanfor St. Petersburg til hamnebyen Arkhangelsk.

Kjeldematerialet etter forliset er nokså eineståande. Skipsvrak og vrakrestar ligg i dag like ved Sæbuodden, lengst vest på Hitra, og er freda under kulturminnelova.

Om skipet

Jedinorog var eit tremasta seglskip av typen «pink», som blei bygd i Russland etter eit større initiativ av Peter den store. Skipet blei bygd ved Solombalskaya Verft i Arkhangelsk i 1758 og sjøsett 25. mai 1759.

Skipet var 40 meter langt, 10 meter breitt og 3 meter djupt, og utrusta med 22 kanonar. I 1760 var Jedinorog under eigarskap av keisarinne Elizabeth av Russland og under kommando av kaptein Vasilij Bulgakov. Skipet var med eit mannskap på nærare 130 mann på veg til Arkhangelsk med ein ladning kanonar, tauverk, skipsanker og bly.

Ulukkesnatta

Jedinorog hadde under ein storm hausten 1760 kome opp under Færøyane, etter å ha passert København i mai månad same år. Deretter ankra det opp ved fiskeværet VeiholmenSmøla 16. oktober, i eit forsøk på å finne ein stad å proviantere.

Stormen heldt fram, og dei sende bod på los ved å fyre av kanonskot. Tre losar frå Veiholmen blei tekne om bord. Dei flytta skipet lenger inn i fjorden og kappa mastene i eit forsøk på å berge skipet, men natt til sundag 19. oktober sleit fortøyingane på Jedinorog seg, og skipet dreiv inn i berga på Sæbuøya på Hitra, der det blei totalvrak. Heile mannskapet, og dessutan dei tre norske losane, omkom i ulukka.

Ni russiske matrosar og to tømmermenn var i forkant av ulukka sende i land for å reparere ein skadd robåt, og berga dermed livet.

Bergingsarbeidet

Ifølgje lova hadde lokalbefolkninga plikt til å melde frå om forliset til styresmaktene og omgåande setje i gang med berging. Det dreiv i land vrakgods på begge sider av Ramsøyfjorden, som skil Hitra og Smøla.

Store mengder menneske samla seg i fjøra for å bidra i arbeidet. Av dei mange kanonane som skipet førte og transporterte, var det berre éin som blei funnen på 1700-talet. For det meste var det diverse trebitar og metallgjenstandar, og dessutan ein god del tauverk, som blei funne. Av meir konkrete gjenstandar fann dei ein koparkjele, noko dekketøy og klede. Alt dette blei selt på auksjon.

Samstundes skal det ha blitt funne fleire døde etter forliset. Ei kvinne blei funnen i live, men døydde før ho kom i hus. Identiteten til kvinna er ukjend.

Konflikt og misforståingar

I etterkant av eit forlis skulle det førast bergingsforretning, som blei ført av futen eller fullmektigen hans. Etter Jedinorog har vi to slike bergingsforretningar; éi for Smøla og éi for Hitra, fordi øyane låg under ulike jurisdiksjonar.

Dei elleve overlevande russarane blei verande på Smøla fram til dei kunne transporterast tilbake til Russland åtte månader seinare. I denne perioden oppstod det ein konflikt mellom russarane og hitterværingane, der begge partar skulda kvarandre for vrakplyndring og valdeleg åtferd.

Eigaren av Sæbuøya og handelsmann på naboøya Rørøya, Henrik Dons, sende klage til futen då russarane skal ha vore over på garden hans og herja. Som grunneigar var det Henrik Dons som hadde hovudansvaret for bergingsarbeidet, men det var først etter eit besøk av russarane ei veke etter forliset at Dons melde frå til styresmaktene. Det var losjiverten til russarane på Smøla som enda med å få ein reprimande etter fleire liknande besøk på Rørøya hausten og våren 1760–1761.

Segn og myter

Fleire ulike rykte og segner har spreidd seg om denne storhendinga i etterkant, og har overlevd fram til våre dagar både på Hitra og Smøla. Segnene kjem i fleire ulike variantar, men eit par element går igjen fleire stader: Det skal ha vore ei enkjedronning med om bord, skipet skal ha transportert over 700 emigrantar på veg til England, hitterværingar skal ha vore på røvartokt og teke livet av fleire russarar som skal ha overlevd forliset, og ei kvinne skal ha overlevd og blitt stammor til ei heil slekt på Hitra.

Dykking og undersøkingar på vrakstaden

Det har vore dykka fleire gonger ved vraket av Jedinorog. I 1877 organiserte Nordenfjeldske Dykkerselskap ein ekspedisjon til vrakstaden, der nærare hundre kanonar blei henta opp og deretter selde til bedrifter i Hull og Manchester i England.

På 1990-talet blei det gjennomført ei marinarkeologisk undersøking ved marinarkeologar frå NTNU i Trondheim. Undersøkinga skjedde i samband med utbygginga av gassrøyrleidningen frå Haltenbanken til Tjeldbergodden, då det blei klart at vrakstaden låg i den planlagde traseen til gassrøyrleidningen.

Les meir i Store norske leksikon

Primærkjelder

  • Riksarkivet, Renteskriverkontorene, Nordafjelske kontor, Trondheimstifts ktr. Journalsaker 1760, pakke 295. Journalnummer 1093. Journal og bergingsforretning av Jacob Pedersen Topp 22.11.1760
  • Statsarkivet i Trondheim, Fosen futeembetes arkiv, Vrak og hittegods vedr. 1741-1806, Pakke FbH480. Journal og bergingsforretning av Henrik Bull 15.11.1760; Brev til Johan Ruberg frå Henrik Dons 27.10.1760

Litteratur

  • Bjørkvik, Eilert: Russerforliset i Kvenværet i 1760; tradisjon og dokumenter, Årbok for Fosen 1974
  • Hermanstad, Sarah D.: Forliset av Enhjørningen; Plyndring eller berging? Masteroppgave i historie, Institutt for historie og klassiske fag ved NTNU. Trondheim 2012
  • Jasinski, Marek E.: Enhjørningen; om et dramatisk forlis med maritimarkeologisk etterspill, nr. 2 i skriftserien Spor, Trondheim 1994
  • Søreide, Fredrik: Ships from the depth:Deepwater Archaeology, Texas 2011

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg