Janniche

Artikkelstart

Janniche er eit kvinnenamn som er nedertysk diminutiv («vesleform») av Johann-e/-a, men det kan også gå tilbake til det franske Jeannique.

Namnet har fleire variantar: Janicke, Jannikke, Janniche, Janike, Jannicke, Janikke, Janiche, Jannike, Jannice.

Namnedag er 21. april. Jannicke, Jannike, Jeanette og Jessica har også namnedag denne dagen.

Namnestatistikk

I perioden 1900–2017 var det omtrent 210 kvinner (fødde i Noreg) som hadde Janniche som det einaste førenamnet eller som det fyrste av fleire.

Les meir i Store norske leksikon

Kommentarer

Kommentaren din publiseres her. Fagansvarlig eller redaktør svarer når de kan.

Du må være logget inn for å kommentere.

eller registrer deg