Faktaboks

Jan-Henrik Fredriksen
Fødd
2. oktober 1956, Kragerø, Telemark
Død
8. mars 2020
Jan-Henrik Fredriksen.

Jan-Henrik Fredriksen var ein norsk politikar for Framstegspartiet som var stortingsrepresentant frå Finnmark i 2005–2017.

Bakgrunn

Jan-Henrik Fredriksen var fødd i Kragerø i Telemark. Han tok yrkesskule i Kragerø i 1974–1975 og har fagbrev som sveisar. Fredriksen arbeidde ved A/S Sydvaranger i 1975–1976, Kragerø Verft og dokk i 1977–1979, Kystservice AS – Kragerø i 1979–1982, Fjeldstad A/S i 1982–1993 i Holmestrand og ved Fabricom frå 1993.

Politisk karriere

Fredriksen var politisk nestleiar i 2000–2001 og leiar i 2001–2004 i Finnmark Frp, samt leiar av Sør-Varanger Frp i 2000–2005. Han var medlem av Sør-Varanger kommunestyre, formannskap og fylkesutvalet i Finnmark i 2003–2007.

Han blei vald inn som stortingsrepresentant for Framstegspartiet frå Finnmark i 2005, der han hadde fast plass fram til 2017. Han var medlem av helse- og omsorgskomiteen i 2005–2009, deretter medlem av transport- og kommunikasjonskomiteen i 2009–2013, ogi 2013–2017 var han medlem av energi- og miljøkomiteen. Han arbeidde politisk for å leggje ned Sametinget og ville ha lik behandling av alle etniske grupper i Finnmark.

Les meir i Store norske leksikon

Eksterne lenker

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg