Jakop er eit mannsnamn som er ein lydrett stavemåte av Jakob som har omdiskutert tyding. I Det gamle testamentet er namnet forklart som ‘halde i hælen’, men det er mogleg at namnet i staden tyder ‘må Gud verne’.

Dei fleste med varianten Jakop har norsk bakgrunn. Færøysk form er Jákup.

Namnet har fleire variantar: Iacob, Jacob, Jakob, Jakop.

Namnestatistikk

I perioden 1900–2017 var det omtrent 90 menn (fødde i Noreg) som hadde Jakop som det einaste førenamnet eller som det fyrste av fleire.

Les meir i Store norske leksikon

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg