Faktaboks

Jakob Sverdrup
Fødd
10. april 1881, Leikanger i Sogn (no Sogndal, Vestland)
Død
21. november 1938, Oslo
Jakob Sverdrup som student
Jakob Sverdrup som student
Av .

Jakob Sverdrup var ein norsk dosent, seinare professor, i germansk filologi og språkforskar som gjorde viktig grunnlagsarbeid for tyskstudiet i Noreg gjennom å utarbeide ordbøker og lærebøker.

Bakgrunn

Jakob Sverdrup d.y. var fødd i Leikanger i Sogn (no Sogndal i Vestland). Han var son av biskop Jakob Liv Rosted Sverdrup. Han tok embetseksamen i språkhistorie i 1908, og i 1917 vart han dosent. I 1929 tok han doktorgraden, med avhandlinga Zum germanischen Verbalsystem.

Filolog

Same året fekk han stilling som professor i germansk filologi ved Det Kongelige Fredriks Universitet i Oslo. Verket Kortfattet tysk sproghistorie. Lyd- og formsystemets utvikling, som var meint for tyskstudentar ved universitetet, kom ut i 1930. Sverdrup sjølv karakteriserte verket som ei vitskapleg innføring i studiet av tysk språk. Han utarbeidde òg ei tysk-norsk ordbok, som kom ut i 1933–1936.

I boka Maal og maalskyldskap frå 1916 gav Sverdrup eit oversyn av språkforskinga si historie, frå det antikke Hellas til hans eiga samtid, med hovudvekt på etymologi. Boka drøftar òg kva type vitskap språkforsking er og bør vere.

Les meir i Store norske leksikon

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg