Jakob Straume

Faktaboks

Jakob Straume
Født
15. juni 1894, Volda, Møre og Romsdal
Død
1978

Artikkelstart

Jakob Straume var misjonær, forkynnar og forfattar. Han skreiv ei rad bøker om det kristelege arbeidet knytt til Norsk Luthersk Misjonssamband.

Jakob Straume var fødd i VoldaSunnmøre. Han gjekk Sunnmøre kristelege ungdomsskule og deretter misjonsskulen til Det norske lutherske Kinamisjonsforbund (frå 1949: Norsk Luthersk Misjonssamband) på Fjellhaug i Oslo. Etter eit års studieopphald i USA reiste han ut som misjonær til Kina i 1921. Han var knytt til misjonsstasjonane i Fangshien (Fangxian) og Künchow (Junzhou, seinare Junxian) i provinsen Hubei. I fire år var han styrar for Misjonssambandets blindeskule. Han vende tilbake til Noreg i 1938. Etter den tid verka han hovudsakleg som forkynnar og forfattar.

Straume skreiv fleire bøker frå Kina, mellom anna Det som greip meg mest i Heidning-land (1930), Atter-reising (1935) og Langs vegen (1946). Han gav ut ei rad bøker om historia til lokale krinsar i Norsk Luthersk Misjonssamband, frå Namdalen til Rogaland. Dei gir eit viktig innsyn i kristenlivet i delar av Noreg.

Straume forfatta fleire biografiar om kristne personlegdomar, mellom anna Trubaduren Matias Orheim (1960), Johannes Brandtzæg. Sigervinnaren (1967) og Marie Monsen. En vekkerøst (1969). Biografien om Matias Orheim er ein av dei første biografiane i bokform på nynorsk på 1900-talet. I 1970 gav han ut romanen Konsulen. Straume skreiv for det meste på nynorsk.

Les meir i Store norske leksikon

Kommentarer

Kommentaren din publiseres her. Fagansvarlig eller redaktør svarer når de kan.

Du må være logget inn for å kommentere.

eller registrer deg