Jakob Kobberstad

Faktaboks

Jakob Kobberstad

Jakob Nilsson Kobberstad

Født
17. januar 1840, Breim i Gloppen, Vestland
Død
12. juni 1919, Stord, Vestland

Artikkelstart

Jakob Kobberstad var lærar, skulebokforfattar og tonesetjar. Han laga mellom anna notetillegget til Ivar Aasens Symra i 1875 og tonesette sjølv seks av songane.

Bakgrunn

Jakob Nilsson Kobberstad var fødd i Breim (no Gloppen) i Nordfjord i noverande Vestland og døydde på Stord i Hordaland (no Vestland). Han tok lærareksamen på Stord i 1859. Kobberstad var først huslærar, så lærar frå 1861 i Volda ved Voldens høiere Almueskole med annecteret Dannelses-anstalt for Almueskolelærere og så ved Asker Seminar frå 1874. Han slo seg deretter ned i Kristiania, var overlærar i folkeskulen første halvdel av 1880-åra og seinare lærar på ymse folkehøgskular, amtsskular og framhaldsskular.

Forfattarskapen

I Volda gav Kobberstad i 1869–1873 ut bladet Møringen. Han gav ut lærebøker og songbøker, mellom anna Nornen. Norsk Sangbog for Gammel og Ung (1872), Musiklære for folkeskolen (1979), Norsk læsebog (1881, saman med Erik K. Thuland), Elementær musiklære (1881), Katekismus-abc for skolen og hjemmet (1884) og fleire. Han skreiv òg på ei verdshistorie på landsmål, men rakk ikkje fullføre dette arbeidet.

Kobberstad skreiv i Dølen og i Ferdamannen og var medlem av Vestmannalaget. Alt i 1860-åra hadde han brevkontakt med Ivar Aasen, og etter at Kobberstad flytta austover, møttest dei jamleg. I mai 1875 gav Aasen ut tredje utgåva av Symra, med eit notetillegg ved Kobberstad, gjennomsett av Joh. D. Behrens. Kobberstad sette sjølv tone til seks av dikta: «Vaardagen», «Haustvisa», «Saknad», «Det einlege Standet», «Tolugt Mod» og «Fals og Fusk». Han hadde også laga melodiar til andre Symra-dikt, men brukte dei ikkje i notetillegget.

Les meir i Store norske leksikon

Litteratur

  • Severin Eskeland: «Overlærer J.N. Kobberstad», Skolebladet. Kristiania 1919
  • Ferdamannen. Eit Vikoblad aat Aalmugen. Bjørgvin 1865–1868
  • Hannaas, Clausen, Jerdal: Vestmannalaget i 110 år. Bergen 1978
  • Reidun Høydal (red.): Nasjon – region – profesjon. Vestlandslæraren 1840–1940. Oslo 1995
  • Olav Sundet: «Kobberstad, Jakob Nilsson», Norsk Allkunnebok, bd. 7. Oslo 1956

Kommentarer

Kommentaren din publiseres her. Fagansvarlig eller redaktør svarer når de kan.

Du må være logget inn for å kommentere.

eller registrer deg