Jahn-Arill Skogholt

Faktaboks

Jahn-Arill Skogholt
Født
30. desember 1943, Storfjell i Vågan i Lofoten
Død
19. april 2007, Lofoten

Artikkelstart

Jahn-Arill Skogholt var ein lærar, lokalpolitikar og forfattar som fekk gjennombrotet sitt med visa «Kor e hammaren, Edvard?», som også blei eit varemerke for den nordnorske visebølgja i 1970-åra.

Biografi

Skogholt arbeidde som lærar i Lofoten eit par år etter realskole og gymnas, før han tok til med høgare utdanning i Bergen og Oslo. Som cand.mag. med faga statsvitskap, offentleg rett og offentleg administrasjon fekk han jobb som skrivar i Noregs Mållag (1971–1973). Etter åra som skrivar arbeidde han igjen som lærar i Lofoten, fram til han byrja som kultursekretær i Vestvågøy (1977–1985). Etter dette gjekk han tilbake til læraryrket, som adjunkt ved Vestvågøy videregående skole. Praktisk-pedagogisk seminar tok han ved Universitetet i Tromsø i 1989. I åra som adjunkt var han òg frilansar for avisa Lofot-Tidende.

Utgivingar

Skogholt gav ut ei diktsamling og to romanar, I havherrens land (roman, 1987) og Grågud og kvitekrist (roman, 1999). Den sistnemnde boka er tilgjengeleg gratis på Internett. I tillegg hadde han noveller på trykk i ei lang rekkje antologiar. I 1971 vann han Dag og Tid sin visekonkurranse med «Bygdevise». Visa blei tonesett av Jack Berntsen og kom seinare ut i samlinga Kor e hammaren, Edvard? (viser og songar, 1977). Saman med Andreas Hompland skreiv han Ein målsstrid i Bygde-Norge (sakprosa, 1974), og i 1993 kom Lofotfiskar ved Kongens bord (biografi, 1993), om tidlegare fiskeriminister Eivind Bolle.

Verv

Skogholt var styreleiar i Nordnorsk Kulturråd (1989–2001), hadde styre- og leiarverv i Nordnorsk Forfatterlag og var aktiv for SV i lokalpolitikken.

Prisar

I 1987 fekk han Blixprisen, som litteraturselskapet Det Norske Samlaget deler ut «til ein framifrå nordnorsk forfattar som skriv nynorsk».

Les meir i Store norske leksikon

Eksterne lenker

Kommentarer

Kommentaren din publiseres her. Fagansvarlig eller redaktør svarer når de kan.

Du må være logget inn for å kommentere.

eller registrer deg