Jacob er eit mannsnamn. Det er ein stavevariant av Jakob som har omdiskutert tyding. I Det gamle testamentet er namnet forklart som ‘halde i hælen’, men det er mogleg at namnet i staden tyder ‘må Gud verne’.

Namnet har fleire variantar: Iacob, Jacob, Jakob, Jakop.

Personar med namnet Jacob

Kulturell bruk

  • «Jacob» (1891) var Alexander Kiellands siste roman.

Kjende personar med namnet Jacob

Eit utval personar med namnet Jacob, og som er omtalt i Store norske leksikon:

Namnestatistikk

I 2022 var det 3 959 menn i Noreg som hadde Jacob som det einaste førenamnet eller som det fyrste av fleire. I 2022 var det 116 gutar som fekk namnet Jacob.

Utvikling i bruk av namnet

Namnestatistikken for 1800-talet baserer seg på folketeljingar, og då var det oftast registerføraren som bestemte kva for stavevariant som skulle førast inn i teljinga – ikkje namneberaren sjølv. Derfor er variantane Jakob og Jacob slått saman, og dei er presenterte med ei felles kurve for 1800-talet. Jakob og Jacob er blant dei bibelske namna som var ein del brukte tidleg på 1800-talet og som fekk eit nytt oppsving rundt år 2000. Andre døme på bibelske namn med liknande kurveprofil er Andreas, Daniel, Elias, Gabriel, Johannes, Jonas og Samuel. Populariteten for slike bibelske namn kan sjåast i samanheng med det internasjonale oppsvinget for desse namna dei siste åra. Nokre av dei har – til liks med Jacob – ein internasjonal stavemåte, til dømes Philip, Joachim, Lucas, Marcus og Michael.

Utvikling i bruk av namnet Jacob frå 1880
Utvikling i bruk av namnet Jacob frå 1880
Av /Store norske leksikon.
Lisens: CC BY SA 4.0

Les meir i Store norske leksikon

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg