Faktaboks

Jack Fjeldstad
Fødd
24. mars 1915, Oslo
Død
4. september 2000, Oslo
Verke
Skuespiller og sceneinstruktør
Familie

Foreldre: Gunvald Fjeldstad (død 1936) og Gunvor Gundersen (1892–1969).

Gift med sekretær Inger Sofie Berg (5.2.1926–), datter av Jens Berg (død 1973) og Inger Løvli.

 Jack Fjeldstad i Ni liv (1957)

Jack Fjeldstad i rolla som Jan Baalsrud i filmen Ni liv frå 1957.

Jack Fjeldstad i Ni liv (1957)
Av /NTB premium.

Jack Fjeldstad var skodespelar og regissør. Gjennom fleire tiår på 1900-talet var han ein av dei fremste profilane innanfor norsk scenekunst og film. Han er særleg kjend for rolla i filmen Ni liv, frå 1957.

Bakgrunn

Jack Fjeldstad var fødd i Kristiania. Han vaks opp i eit arbeidarstrøk på Lilleaker og vart tidleg interessert i scenekunst. Fjeldstad spela i den lokale Lilleaker-revyen som 16-åring, og seinare, medan han arbeidde på Skabo jernbanevognfabrikk, kom han inn i arbeidarungdomslaget «Frihet». Der møtte han Olav Dalgard og Gunvor Sartz, som dreiv teatergruppa «Tramgjengen».

Fjeldstad filmdebuterte i Jeg er ung (1934) og fekk seinare roller i fleire av Dalgard sine arbeidarfilmar frå slutten av 1930-åra: By og land, hand i hand (1937), Det drønner gjennom dalen (1938), Lenkene brytes (1938) og Gryr i Norden (1939).

Teater

Fjeldstad debuterte på scenen ved Søilen Teater i 1939. Seinare verka han som skodespelar ved Carl Johan Teatret i 1942–1943, Stavanger Teater i 1945–1946, Folketeatret i 1952–1959, Nationaltheatret i 1960–1962 og Det Norske Teatret i 1949–1950 og 1962–1986. Han spela i eit variert repertoar og fekk fleire prisar, mellom anna Kritikarprisen for tolkinga si av tittelrolla i Harold Pinters Vaktmester'n (1974).

Fjeldstad arbeidde dessutan som sceneinstruktør. Dei viktigaste oppsetjingane Fjeldstad gjorde som sceneinstruktør var Andorra av Max FrischRiksteatret i 1968, Myrfolket av Wole SoyinkaRadioteatret i 1969 og Det Norske Teatret i 1970/71 og Kristina av Kåre Holt i 1971, sistnemnde i høve Tønsberg sitt 1100-årsjubileum.

Filmar

Frå filmdebuten i 1934 medverka Fjeldstad i ei rekkje norske filmar. Han vekte internasjonal merksemd i rolla som Jan Baalsrud i Ni liv (1957). Filmen vart nominert til Oscar og er seinare fleire gonger kåra til beste norske film gjennom tidene. Fjeldstad spela i over 30 filmar.

Prisar og utmerkingar

Fjeldstad vart i 1985 utnemnd til riddar av 1. klasse av St. Olavs Orden for arbeidet sitt for norsk scenekunst og kulturliv. To år seinare fekk han Amandakomiteens ærespris for arbeidet med norsk film.

Les meir i Store norske leksikon

Eksterne lenker

Litteratur

  • Knut Arntzen ofl. (red.): Kunnskapsforlagets teater- og filmleksikon. Oslo 1991
  • Alf H. Madsen: Ti liv. Historien om Jack Fjeldstad. Oslo 1994. Les hos Nasjonalbiblioteket

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg