Jack Berntsen

Faktaboks

Jack Berntsen

Joakim Jan Aril Berntsen

Født
14. oktober 1940, Kjøpsvik i Narvik, Nordland
Død
5. oktober 2010, Lofoten, Nordland
Jack Berntsen (2005). Trubaduren, komponisten og tekstforfattaren Jack Berntsen brøyta veg for nordnorske dialektar i visediktinga.
Av .
Lisens: CC BY ND 2.0

Artikkelstart

Jack Berntsen var ein norsk trubadur, komponist og tekstforfattar. Gjennom ei rekkje visebøker, plater og festivalen Troilltampen blei han sjølve personifiseringa av den nordnorske visebølgja i 1970-åra. Han er særleg knytt til protestvisa «Bygdevise» / «Kor e hammaren, Edvard».

Jack Berntsen var fødd i Kjøpsvik i Narvik kommune (tildegare Tysfjord) i Nordland. Etter oppvekst i Hamarøy og cand.mag.-eksamen i filologi ved Universitetet i Oslo (1963–1968) budde han resten av livet i Svolvær. Der var han gymnaslærar fram til han blei pensjonist.

Med politisk brodd brøyta Berntsen veg for nordnorske dialektar i visediktinga. Han starta viseklubben Lovisa (1968) og Troilltampen musikkfestival for amatørar (1973), der Nordnorsk Visegruppe debuterte (1975) og Halvdan Sivertsen song «Kjærlighetsvise» (1978).

Berntsen var den første leiaren i Norsk Viseforum (NVF), som blei etablert i 1975. Han skreiv både for born og vaksne, men var først og fremst visesongar, med eigne melodiar. Han stod for melodien til «Bygdevise». Teksten, av Jahn-Arill Skogholt, vann Dag og Tids visekonkurranse i 1971. Dette blei den første plata på nordnorsk dialekt (1974), og eit symbol på den politiske oppvakninga.

Berntsen fekk Dag og Tid sin pris Sølvharpa (1975), Nordland fylkes kulturpris (1981), Blixprisen (1982) og Prøysenprisen (1985). Jack Berntsens kulturpris blei oppretta i 2000.

Albumdiskografi

  • Det e håp i hænganes snøre (1978)
  • Ongan i Lofoten (1982)
  • I ly av Lofotveggen (1984)
  • Lille Bolla Bølla og andre boller (1986)
  • Med røde roser – best of Jack Berntsen (1999; samleplate)

Les meir i Store norske leksikon

Litteratur

  • «Jack Berntsen», i Jan Eggum, Bård Ose og Siren Steen (red.): Norsk pop & rock leksikon. Populærmusikk i hundre år. Oslo 2005
  • Ola Bremnes: Nordnorsk sangbok. Fra Petter Dass til Moddi. Oslo 2016

Kommentarer

Kommentaren din publiseres her. Fagansvarlig eller redaktør svarer når de kan.

Du må være logget inn for å kommentere.

eller registrer deg