Faktaboks

Jürgen Fuchs
Fødd
19. desember 1950, Reichenbach i Vogtland
Død
9. mai 1999, Berlin
Jürgen Fuchs, 1990
Av .
Lisens: CC BY SA 3.0

Jürgen Fuchs var ein forfattar, borgarrettsforkjempar og psykolog frå Vogtland i det tidlegare DDR.

Bakgrunn

Han havna i konflikt med partiapparatet alt i skuledagane. I 1971 fekk han likevel plass på studiet i sosialpsykologi på Friedrich-Schiller-Universitetet i Jena. Her vart han raskt ein markant person i studentmiljøet. Han markerte seg både som politisk debattant og som lyrikar.

I 1973 melde han seg inn i kommunistpartiet. I 1975 vart han ekskludert frå partiet og frå den kommunistiske ungdomsorganisasjonen FDJ. Kort tid etter vart han også kasta ut av universitetet, utan å ha fullført studiet. Samstundes fekk han studieforbod i heile DDR. Fuchs vart arrestert 19. november 1976 i samband med protestaksjonane mot at DDR-styresmaktene hadde trekt tilbake DDR-statsborgaren til songaren Wolf Biermann. Etter ni månader i fengsel, vart Fuchs utvist frå DDR.

I eksil

Fuchs slo seg ned i Vest-Berlin saman med familien sin. Der vart han snart ein av dei aller viktigaste kontaktpersonane for borgarrettsaktivistane i DDR. Han engasjerte seg også i den vest-tyske forfattarforeininga, og arbeidde for å få dei til å støtte dei regimekritiske kreftene i DDR.

DDRs tryggingspoliti Stasi såg Fuchs som ein farleg fiende, og brukte mykje krefter på å overvake og trakassere Fuchs.

Forfattarskap og utmerkingar

Jürgen Fuchs debuterte som forfattar i 1977 med boka Gedächtnisprotokolle. Han skreiv både romanar og lyrikk og var ein markant person i den tyske offentlegheita. Han skreiv mellom anna for det tonegjevande nyhendemagasinet Der Spiegel.

Som forfattar var Fuchs særleg opptatt av mangelen på politisk fridom i DDR og av Stasis forfølging av dei opposisjonelle i DDR. Etter at Berlinmuren fall i 1989 engasjerte han seg sterkt for å oppklare brotsverk begått av Stasi. Fuchs fekk fleire utmerkingar for arbeidet sitt. I 1982 fekk han Marburger Litteraturpreis, og i 1988 fekk han den tyske kritikarprisen.

Død

Jürgen Fuchs døde av leukemi i 1999. Både han sjølv og fleire av kampfellene hans frå borgarrettsrørsla mistenkte at han hadde fått kreft som følgje av at han vart utsett for radioaktiv stråling då han sat fengsla i DDR.

Les meir i Store norske leksikon

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg