Faktaboks

Jørund Rytman

Jørund Henning Rytman.

Fødd
4. mai 1977, Oslo
Jørund Rytman.
Stortinget.

Jørund Rytman er ein norsk politikar for Framstegspartiet som var stortingsrepresentant frå Buskerud i 2005–2017.

Bakgrunn

Jørund Henning Rytman er fødd i Oslo og voks opp i Sandefjord. Han er utdanna ved Norsk kunnskapsinstitutt i 1998–1999 og ved Bedriftsøkonomisk Institutt i 2000–2003. Han er sjølvstendig næringsdrivande.

Politisk karriere

Rytman var leiar av Hole FpU i 1996–1998, leiar i Buskerud FpU i 1997–1998 og leiar i Drammen FpU i 1999–2000. Han var medlem av styret i Buskerud Frp i 2000–2001, deretter nestleiar i 2001–2002 og leiar i 2002–2006.

Rytman var varamedlem i Drammen bystyre i 2003–2007, medlem av fylkesutvalet i Buskerud i 2003–2007 og bystyremedlem i 2007–2011.

I 2005–2017 var Rytman stortingsrepresentant frå Buskerud. Han var medlem av finanskomiteen i 2005–2013, deretter medlem av næringskomiteen i 2013–2016 og medlem av utenriks- og forsvarskomiteen i 2016–2017. Han var leiar av Israels venner på Stortinget i 2011–2013 og 2015-2017.

Les meir i Store norske leksikon

Eksterne lenker

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg