Jørund

Artikkelstart

Jørund er eit mannsnamn som går tilbake til det norrøne Jǫr-undr. Forleddet går tilbake til eit ord som tyder ‘kamp’. Etterleddet kan setjast i samanheng med verbet vinna i norrønt, og tydinga er ‘sigerherre’.

Namnet har fleire variantar: Jørund, Jørun.

Namnedag er 25. juni. Jorunn har også namnedag denne dagen.

Personar med namnet Jørund

Kulturell bruk

  • Jørundgård er namnet på ein gard i Sel (Gudbrandsdalen) i Sigrid Undsets «Kristin Lavransdatter» (1920–1922).

Kjende personar med namnet Jørund

Eit utval personar med namnet Jørund, og som er omtalt i Store norske leksikon:

Namnestatistikk

I perioden 1900–2017 var det omtrent 650 menn (fødde i Noreg) som hadde Jørund som det einaste førenamnet eller som det fyrste av fleire.

Les meir i Store norske leksikon

Litteratur

  • Janzén, Assar 1947: De fornvästnordiska personnamnen. [Nordisk kultur 7].

Kommentarer

Kommentaren din publiseres her. Fagansvarlig eller redaktør svarer når de kan.

Du må være logget inn for å kommentere.

eller registrer deg