Jørpeland

I september 2016 ferdigstilte Stian Heimlund Skjæveland Solspeilet, også kalt The Norwegian-Stonehenge, etter tre års arbeid. Solspeilet er plassert på Klungholmen i skjærgården utenfor Jørpeland i Strand kommune. Verket ligner en egyptisk pyramide og er 8 meter høyt og rager 14 moh. Solspeilet er dekorert med historiske symboler, runer og ornamenter fra blant annet Osebergskipet. Solspeilet er omkranset av 12 bautasteiner som har en diameter på 8 meter. Solspeilet er finansiert av det private næringsliv, Rogaland Fylkeskommune, Strand kommune og Ryfylkefondet.
Solspeilet
Av .

Artikkelstart

Jørpeland er ein tettstad i Strand kommune i Rogaland. Tettstaden er ifølgje SSBs definisjon 4,1 km², og har 7292 innbyggjarar (2021).

Faktaboks

Innbyggertall
7292 (SSB, 2021)
Landareal
4,1 km² (SSB, 2021) km²
Tettstedsnummer
4631 Jørpeland

Jørpeland er administrasjonssenter i Strand kommune, i Ryfylke rett aust for Stavanger. Jørpeland ligg ved munninga av Jørpelandsåna i Idsefjorden, ein arm av Boknafjorden. Kommunestyret har vedteke at Jørpeland kan bruke nemninga by frå 1998.

Jørpeland er ein tradisjonsrik industristad med stor trevare- og møbelindustri allereie på 1880- og 1890-talet (Jørpelands Brug) og med grunnlegginga av hjørnesteinsverksemda Stavanger Electro Staalverk A/S i 1911 (frå 1991 Scania Steel Stavanger AS og frå 2015 Stavanger Steel AS). Elles har tettstaden noko verkstadsindustri. Jørpeland er eit viktig handelssenter for søre del av Ryfylke.

Rv. 13 (Ryfylkevegen) går gjennom Jørpeland. Vegen gir samband til Stavanger via undersjøisk tunnel (sjå Ryfylketunnelen og Ryfast) og til Sandnes via ferje over Høgsfjorden (Oanes–Lauvvik) 24 km sør for staden. Jørpeland har direkte hurtigbåtsamband med Stavanger.

Namnet er truleg opphavleg Jǫrpuland; første ledd genitiv av eit elles ukjent elvenamn, Jarpa, av jarpr, 'brun', det vil seie 'den brune elva'.

Kart

Jørpeland
Av /Statens kartverk.

Les meir i Store norske leksikon

Kommentarer

Kommentaren din publiseres her. Fagansvarlig eller redaktør svarer når de kan.

Du må være logget inn for å kommentere.

eller registrer deg