Faktaboks

Jørgen Vikør
Fødd
11. mars 1897, Norheimsund i Hardanger
Død
10. desember 1985

Jørgen Vikør var ein norsk forfattar og fotograf. Han skreiv ei rekkje romanar, barne- og ungdomsbøker med emne frå vestnorsk bygdemiljø.

Bakgrunn

Jørgen Vikør var fødd i Norheimsund (no Kvam) i Hardanger, Hordaland (no Vestland). Vikør var elektromontør ved Kvam Kraftverk i åtte år før han som sjølvlærd fotograf skipa eiga fotoforretning og dreiv Hardanger Fotosentral. Spelstykka han skreiv til ungdomslaget opna for ein produktiv forfattarskap.

Forfattarskapen

Vikør skreiv eit tjuetals bøker – romanar og bøker for barn og ungdom, mellom anna Rita, Rolv og ringen. Forteljestilen er reinskoren realistisk, og språket er godt. Mange av utgivingane fekk fleire opplag. Samla kom bøkene i over 70 000 eksemplar medan forfattaren levde. Av skodespela er tre trykte.

Romandebuten, med Makter som møtest, vart lagd merke til. Konfliktar i bygdemiljø er eit gjennomgåande tema i bøkene til Vikør. Intrigen i bøkene stig ofte fram av motsetnaden mellom generasjonane, der dei unge må kjempe for å vinne rom for seg og sitt. Dei unge viser eit meir ope syn på liv og samfunnstilhøve enn foreldra. Forfattaren står heile tida på ungdomen si side. Vikør er også oppteken av spenningar i forholdet mellom ulike religiøse grupper i eit bygdesamfunn. For romanen Gjennom framandt land (1952) fekk han Melsomprisen.

Les meir i Store norske leksikon

Litteratur

  • Knut L. Måge: Hardanger-Bibliografi. Norheimsund 1978
  • Anders Rosseland (skriftstyrar): Festskrift til Norheimsund Ungdomslag ved 60-årsjubileet. Øystese 1953
  • Lars Hanssen Torpe: Ættarbok for Kvam, bd. 3. Kvam 1972

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg