Jøran Kallmyr

Faktaboks

Jøran Kallmyr

Jøran André Smedal Kallmyr

Født
15. april 1978, Fræna (no Hustadvika), Møre og Romsdal
Jøran Kallmyr på pressekonferansen der han ble presentert som ny justisminister av statsminister Erna Solberg. Oslo, Statsministerboligen, 29. mars 2019.
Jøran Kallmyr
Av /NTB scanpix.

Artikkelstart

Jøran Kallmyr er jurist, politikar frå Framstegspartiet (FrP) og tidlegare justis- og innvandringsminister i regjeringa Solberg.

Bakgrunn

Jøran André Smedal Kallmyr er fødd i Fræna (no Hustadvika) i Møre og Romsdal. Han gjekk på Fræna vidaregåande skole i 1994–1997 og tok mastergrad i rettsvitskap ved Universitetet i Oslo i 2012. Frå 2012 til 2014 arbeidde ham som advokatfullmektig hos advokatfirmaet Ræder. Frå 2016 til 2019 var han tilbake i same advokatfirma, då som advokat og partnar.

Politisk karriere

Kallmyr har vore leiar av Møre og Romsdal FpU og var leiar i Oslo FpU i 2000–2003. Han var òg medlem av sentralstyret til FpU i 2004–2006. I perioden 2003–2006 arbeidde han som rådgivar for miljø- og samferdselsbyråden i Oslo, deretter rådgivar for helse- og sosialbyråden i 2006–2007.

Han var vald inn i bystyret i Oslo kommune for Framstegspartiet i 2007–2015 og var medlem av finanskomiteen i 2012–2014. Han var helsebyråd i 2008–2009, byråd for miljø og samferdsel i 2009–2011 og leiar av byutviklingskomiteen i 2011–2012. Kallmyr var først statssekretær i Justis- og beredskapsdepartementet for Anders Anundsen og deretter Sylvi Listhaug i 2014–2016. Han var justis- og innvandringsminister i regjeringa Solberg frå 2019 til 2020, fram til Framstegspartiet gjekk ut av regjeringa.

Kallmyr meiner samfunnet må leggje betre til rette for individet si personlege utfalding, og kallar seg liberalist. Han er for ein streng innvandringspolitikk og asylpolitikk, og vil ha strengare reglar for familiegjenforeining. Som statssekretær var han talsperson for asylpolitikken til regjeringa, og han var sentral både i handteringa av migrantkrisa og asylbarnavtalen i 2015. Han er òg for at kriminelle bør straffast hardare.

Les meir i Store norske leksikon

Eksterne lenker

Kommentarer

Kommentaren din publiseres her. Fagansvarlig eller redaktør svarer når de kan.

Du må være logget inn for å kommentere.

eller registrer deg