Jónas Guðlaugsson

Faktaboks

Jónas Guðlaugsson
Uttale
gvˈuðløygs-
Født
27. september 1887, Steingrímsfjörður
Død
15. april 1916, Skagen, Danmark

Jónas Guðlaugsson var ein islandsk forfattar og journalist.

Jónas budde i Noreg ei stund og gifta seg med ei norsk kvinne. Dei skildest, og Jónas gifta seg på nytt og budde i Danmark frå 1910.

Som diktar var Jónas ein nyromantikar, og dikta hans ber preg av ei lengt bort frå kvardagen, av inderleg samhøyr med naturen og av kjærleiksdyrking.

Jónas debuterte med diktsamlinga Vorblóm i 1905 og ga seinare ut ei rekkje diktsamlingar både på islandsk og dansk. Det mest kjente diktet hans, Æskuást (Ungdomselsk), er ein klassikar i islandsk poesi, og det er også gjendikta til norsk (ved Ivar Orgland, 1975).

Prosabøkene hans, som for eksempel romanen Solrun og hendes bejlere (1913) og novellesamlinga Bredefjordsfolk (1915), er blant få døme på reindyrka nyromantikk i islandsk litteratur.

Les meir i Store norske leksikon

Litteratur

  • Orgland, Ivar (oms.) 1975. Islandske dikt frå vårt hundreår. Oslo: Fonna.
  • Páll Eggert Ólason 1948–52. Íslenzkar ævisskrár frá landnámstímum til ársloka 1940, I–V. Reykjavík: Hið íslenzka bókmenntafélag. III,333.

Kommentarer

Kommentaren din publiseres her. Fagansvarlig eller redaktør svarer når de kan.

Du må være logget inn for å kommentere.

eller registrer deg