Faktaboks

Iver Jåks
Fødd
25. oktober 1932, Karasjok
Død
17. mars 2007, Karasjok
Verke
Samisk bildende kunstner og kunsthåndverker
Familie

Foreldre: Reineier Iver Andersen Joks (1882–1961) og Risten (Kirsten) Andersdatter Guttorm (1891–1948).

Gift 6.12.1958 med modist Inger Karen Johanne Nielsen (21.2.1920–), datter av steinhuggermester Johannes Edvart Nielsen (1893–1971) og gravørmester Maren Kristine Marie Jensen (1890–1965), Danmark.

Iver Jåks

Iver Jåks saman med verket sitt «Hva er nå dette?» på Museet for samtidskunst, 1998. Bilete frå Norsk biografisk leksikon

Iver Jåks
Av /NTB Scanpix ※.

Iver Jåks var ein norsk samisk kunstnar. Han verka både som teiknar, målar og skulptør, forutan som kunsthandverkar.

Bakgrunn

Iver Jåks var fødd i Kárášjohka (Karasjok) i Finnmark. Han voks opp i ein reindriftsfamilie, men då han åtte år gamal fekk foten øydelagd etter å ha køyrt med rein, vart eit liv med reindrift utenkjeleg. Etter eit sjukehusopphald i Vadsø kom han til vanføreheimen som Norges Samemisjon dreiv i Tromsø. Der vart talentet hans for biletkunst synleg, og han fekk plass på den samiske folkehøgskulen i Karasjok i 1950.

Kunsten

Jåks studerte ved Statens Handverks- og Kunstindustriskule i Oslo i 1952–1955, Statens Lærarskule i forming (no OsloMet) på Notodden i 1955–1956 og Vraa Højskole i 1957. Han studerte deretter grafikk ved Kunstakademiet i København i 1958–1959. Der møtte han Inger Nielsen, ein tolv år eldre dansk kunstnar. Dei gifta seg etter at utdanninga var ferdig og budde i Karasjok til dei flytta til Tromsø i 1991.

Jåks verka både som teiknar, malar og skulptør, forutan som kunsthandverkar. Han var oppteken av samisk tradisjon og tilknyting til gammal samisk kultur og religion, mellom anna runebomma si figurverda. Han brukte naturmateriale som tre, horn, bein og skinn i tillegg til kol- og tusjteikningar, akvarellar og grafikk, i tillegg til store skulpturar i tre og betong, eller installasjonar baserte på moderne material.

Jåks vart leigd inn av Tromsø Museum for å lage utstillinga Samekulturen med Ørnulf Vorren. Utstillinga opna i 1973 og står der framleis med veggmåleria til Jåks. Han utsmykka seinare fleire andre offentlege bygningar, mellom anna Det samiske museet i Kárášjohka (Karasjok).

Jåks illustrerte mange bøker, mellom anna skule- og barnebøker, og fekk Kulturdepartementets illustrasjonspris i 1977. Frå 1993 hadde han ei stilling ved Universitetet i Tromsø. Jåks er innkjøp av Nordnorsk Kunstmuseum, Riksgalleriet og Nasjonalgalleriet med fleire. Han hadde fleire enn 30 separatutstillingar i og utanfor Norden medan han levde, mellom anna ei retrospektiv utstilling i Museet for samtidskunst i 1998–1999. Somme er òg viste posthumt.

Romanen til Mathis Mathisen, Et tre med rota opp: fra en samisk kunstners barndom som kom ut i 1983, handlar om dei unge åra til Jåks.

Utmerkingar

Jåks var statsstipendiat frå 1988, og han fekk Norsk kulturråds ærespris i 1992. Jåks fekk tre æresprisar frå Polarsirkelfestivalen, Norske Samers Riksforbund og Nordisk Sameråd. I 2002 vart Jåks utnemnd til Riddar av 1. klasse av St. Olavs Orden. I 2004 fekk han Troms fylkeskommunes kulturpris.

Les meir i Store norske leksikon

Litteratur

  • Eilertsen, Bjarne med flere, redaktør: Ofelaš : Iver Jåks, 2002
  • Iver Jåks : muittasan johtticájáhus: retrospektiv, utgave av Riksutstillinger, 1998
  • Persen, Synnøve, redaktør: Sámi dáiddárleksikona = Samisk kunstnerleksikon, 1994

Faktaboks

Iver Jåks

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg