Faktaboks

Iver Horrem
Fødd
1. januar 1977, Aukra
Iver Horrem
Iver Horrem under en sandvolleyballturnering i Kristiansand i 2007.
Av /NTB Scanpix.

Iver Andreas Horrem er ein norsk, tidlegare volleyballspelar frå Aukra i Møre og Romsdal. Han spelte volleyball både innandørs og utandørs, men satsa først og fremst på sandvolleyball frå 2000 til 2016. Horrem deltok i OL i Athen i 2004.

Karriere i innandørs volleyball

Iver Horrem starta å spele volleyball for moderklubben Aukra, der han som 16-åring vart krinsmeister med herrelaget i tredjedivisjon i 1993.

Frå hausten 1993 var han innom ei rekke norske klubbar, mellom anna eliteklubbane Åsheim, Askim og KFUM Oslo, før han hausten 1998 vart henta til førstedivisjonsklubben Kristiansund. Der kombinerte han innandørs volleyball med satsing på sandvolleyball. Horrem var ein viktig spelar då nordmøringane våren 1999 for første gong rykte opp til eliteserien. I 2000 gjekk det nyopprykte laget heilt til cupfinalen, der det vart sølv i NM.

Våren 2001 vart Horrem og Kristiansund seriemeistrar for første gong. I 2005 vart han noregsmeister innandørs, då Kristiansund i sin femte cupfinale for første gong vann NM-gull med siger over Nyborg.

Iver Horrem kom med på det norske herrelandslaget i innandørs volleyball på midten av 1990-talet. Han står oppført med seks kampar for Noreg.

Karriere som sandvolleyballspelar

Sommaren 1998 slo Horrem seg saman med Kjell Arne Gøranson og stilte opp i sandvolleyballturneringa Nisse Beach Cup på Sørlandet. Duoen vann turneringa, og i juli samme året debuterte det ferske sandvolleyballparet i verdsserien i Berlin. Året etter tok dei seg for første gong til hovudrunden. Dei tok og sølv i NM etter tap mot Jørre Kjemperud og Vegard Høidalen i finalen.

Sommaren 2000 fekk Horrem prøve seg i par med meritterte Bjørn Maaseide. Saman tok dei sølv under NM i Mandal. Etter OL valde Maaseide sin faste makker Jan Kvalheim å leggje opp, og frå vinteren 2001 bestemte Maaseide seg for å spele vidare med Horrem.

Sommaren 2001 tok Horrem og Maaseide NM-gull i sandvolleyball. Den nye duoen oppnådde fire femteplassar i verdsserien som beste resultat, første gongen i Klagenfurt sommaren 2002. Dei vart nummer fem i EM i 2004, og dei kvalifiserte seg same året til OL i Athen. Der enda nordmennene på 19. plass.

Då Maaseide la opp etter OL, måtte Horrem finne seg ny makker. Han spelte først to år i lag med Bård Inge Pettersen, før han fekk Maaseide med på ny toårssatsing. Deretter vart det to år saman med Øivind Hordvik.

Frå 2012 gjorde Horrem saman med Geir Eithun eit siste forsøk på å kvalifisere seg til OL. Målet var dei olympiske leikane i 2016. Duoen tok fleire topp ti-plasseringar i verdsserien og kom til kvartfinale i EM. Men etter at OL-plassen glapp i ei avgjerande kvalifiseringsturnering i Stavanger, valde Horrem å leggje opp.

Horrem deltok i løpet av karrieren i totalt 183 turneringar i verdsserien i sandvolleyball. Han spelte i seks verdsmeisterskap, 13 europameisterskap og eitt OL. Horrem vart i 2006 kåra til den beste servaren i verdsserien av det internasjonale forbundet.

Frå 2016 har Horrem vore marknadssjef for Norges Volleyballforbund.

Klubbar innandørs

  • Aukra VBK (–1993)
  • Førde VBK (1993–1994)
  • Åsheim VBK (1994–1995 og 1996–1997)
  • Askim VBK (1995–1996)
  • KFUM Oslo (1997–1998)
  • Kristiansund VBK (1998–2009)

Les meir i Store norske leksikon

Eksterne lenker

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg