Faktaboks

Ivar Lykke
Fødd
9. januar 1872, Trondheim
Død
6. desember 1949, Trondheim
Verke
Forretningsmann og politiker
Familie

Foreldre: Kjøpmann Peder Tangen Lykke (1843–1923) og Augusta Johanne Wanvig (1852–1914).

Gift 1.8.1895 med Petra Anker Bachke (1.2.1873–31.11.1968), datter av bergmester Anton Sophus Bachke (1836–1919) og Barbara Anette Karen Anker (1841–97).

Svoger til Bjarne Lysholm (1861–1939) og Victoria Bachke (1897–1963).

Ivar Lykke

.
Lisens: Avgrensa gjenbruk

Ivar Lykke var ein norsk forretningsmann og politikar for Høgre. Han var norsk statsminister frå 5. mars 1926 til 28 januar 1928.

Lykke gjorde seg mest notert som ein av dei mest framståande representantane til næringslivet på tinget. Han var Høgres parlamentariske førar og formann i Høgres sentralstyre frå 1923 og fram til han danna regjering i 1926. Regjeringa fekk gjennomført vidtgåande budsjettreduksjonar, oppheva kornmonopolet, innførte korntrygd og ei ny hærordning. Reduksjonen av skulebudsjetta vekte motstand og nedskjeringa av lønningane til statsfunksjonærane vekte sterk misnøye.

Etter folkeavstemminga i 1926 vart brennevinsforbodet oppheva i 1927. Ved vala oktober same år leid regjeringa eit avgjerande nederlag, og ho gjekk av då Stortinget tredde saman etter nyttår. Lykke heldt fram med å spele ei viktig rolle.

I 1940 tiltredde han presidentskapet som representant for Høgre under forhandlingane med den tyske okkupasjonsmakta under andre verdskrigen, men var då alvorleg sjuk og trekte seg deretter ut av all politisk verksemd.

Lykke var i 1923 delegert til Folkeforbundet, og var i perioden 1925–1940 formann i den interparlamentariske gruppa.

Forretningsmann og politikar

Lykke vart fødd i Trondheim i 1872. Far hans var grossist og kjøpmann, og det skulle Ivar også bli. Han fekk ei grundig utdanning i kjøpmannskap og forretningsdrift ved eit handelsinstitutt i England, og gjennom studieopphald i Frankrike og Tyskland. Etter handelsutdanninga vart han i 1902 medeigar i firmaet til faren sin. Mellom 1908 og 1918 var eineinnehavar av firmaet, og frå 1918, då det gjekk over til aksjeselskap, var han formann i styret.

Lykke kom tidleg med i det offentlege livet og vart medlem av bystyret i 1905 til 1915. I åra 1915–1945 var han stortingsrepresentant frå Trondheim. I periodane 1920–1921 og 1923–1926 var han stortingspresident, og i perioden 1922–1923 varapresident.

Ivar Lykke var ein omgjengeleg mann og fekk etter kvart stor tillit i Høgre-gruppa på Stortinget.

Statsminister

Regjeringen Lykke

Lykke-regjeringa foran slottet 1926. Frå venstre: Knud Øyen, Frederik Ludvig Konow, Ole Ludvig Bærøe, Ingolf Elster Christensen, Lykke, Peter Andreas Morell, Worm Hirsch Darre-Jenssen, Wilhelm Christian Magelssen, Charles Robertson.

Av /Oslo museum.

Regjeringa Mowinckel går av

I februar 1926 valde den første regjeringa til Johan Ludwig Mowinckel å gå av fordi Høgre/Frisinna Venstre og Bondepartiet kvar for seg la fram forslag om sterkare innstramming i økonomien, og fordi Arbeidarpartiet fremja generell mistillit til regjeringa. I sum gav dette fleirtal mot regjeringa sitt budsjett, sjølv om endringane frå Høgre/Frisinna Venstre og Bondepartiet ikkje var store.

Lysta til å halde fram var vel heller ikkje så stor hos Mowinckel, og Høgre hadde ikkje stor lyst til å ta over regjeringsansvaret i denne tida. Dermed dukka det opp nærast som troll av øskje eit forslag om å skipe ei samlingsregjering «over partia» og «uavhengig av særinteresser». Denne regjeringa skulle ha berre éin programpost, og det var gjenreising av statsfinansane. Regjeringa skulle leiast av Fridtjof Nansen.

Det var særleg frå næringslivshald og ikkje minst frå redaktør Rolf Thommesen i Tidens Tegn at denne tanken vart lansert. Høgre kunne difor vanskeleg stille seg heilt avvisande, men skepsisen var stor, og det viste seg at det ikkje ville vere fleirtal for ei slik regjering i Stortinget.

C. J. Hambro, den seinare høgreleiaren, var direkte avvisande. Han var ikkje villig til å godta «hvilken som helst skiløper» på statsministertaburetten. Den same Hambro utdjupa kva krav ein bør stille til ein statsminister i ein artikkel i Ukens Revy i 1926: «Gir det nogen nævneverdig grad av styrke at ha en regjering av «sterke mænd»? (…) Det er ikke typen Nansen politiken har bruk for. Det er typen Lincoln. Det er den mand som er ett med det almindelige, men som ved sin karakters fasthet og likelinjethet, som ved sin sjæls kjærlige tålmodighet gir det preg av det overordentlige».

Hambro tenkte kanskje på seg sjølv. Han ville nok ha blitt ein god statsminister, men vart det aldri. I staden vart det stortingspresident og Høgre-formann Ivar Lykke som i samarbeid med Frisinna Venstre skipa regjering etter Mowinckel.

Motvillig statsminister

Lykke hadde vegra seg mot å bli regjeringssjefOtto B. Halvorsen døydde i 1923, og han var motvillig denne gongen også. Han hadde også vore motvillig til å ta over som partileiar etter Otto B. Halvorsen, men måtte gi seg til slutt, og sat som Høgre-formann fram til 1928.

Han hadde også nekta å la seg renominere i Trondheim, men vart utsett for press og ga seg. Som Rolf Danielsen skriv i bind 2 av «Høyres historie»: «Der finnes en særegen type svakhet som gjerne går sammen med elskverdighet og som kan komme til uttrykk i manglende evne til å fastholde nei under press. Kanskje var denne svakheten en del av Lykkes vesen?»

Statsminister vart han i alle fall. Høgre hadde tydelegvis større tru på leiareigenskapane hans enn han hadde sjølv. Det viste seg nokså raskt at Lykke si eigenvurdering var rett. Som politikar var han sakleg og på alle måtar ryddig og samvitsfull, men det var lite flukt og lite fantasi over han. Det var plikta snarare enn visjonen og lysta til å utrette noko som dreiv han.

Nedskjeringar

Då Lykke vart utnemnd til statsminister 5. mars 1926, hadde han ei formidabel oppgåve framfor seg. Han skulle gjennomføre ein kraftig nedskjeringspolitikk, slik som Høgre hadde kjempa for. Det parlamentariske grunnlaget for regjeringa Lykke var også noko betre enn for regjeringa Mowinckel, og i mange saker ville det vere mogeleg å få til ein allianse med Bondepartiet, som ville ha gitt fleirtal.

Nettopp ein allianse med Bondepartiet hadde vore eit mål for Høgre i fleire år. Likevel skjedde det lite. Regjeringa trekte ikkje Mowinckel-regjeringa sitt budsjettforslag attende, slik det var venta, men valde å styre med eit budsjett som Høgre meinte var for lite stramt. Det vakte sterke reaksjonar utover landet. Krava kom om at statsminister Lykke no måtte stå fram og dokumentere regjeringa si vilje til å sanere i statens utgifter. Det vart hevda at statsministeren framstod som om han bad om orsaking for at regjeringa eksisterte.

I ettertid er det ikkje vanskeleg å sjå at så stor sanering av statens finansar som det Høgre hadde sett seg som mål, ikkje var mogeleg å gjennomføre på kort sikt. Det ville ha gått ut over saker som stortingsrepresentantane brann for og som dei hadde lova veljarane å gjennomføre.

Som finansminister Fredrik Konow i Lykke-regjeringa uttrykte det: «Hele Stortinget forlanger sparsomhet, men ingen vil spare selv.» Alt frå starten av fekk denne regjeringa mykje negativ omtale. Ein som skreiv mykje negativt om Lykke, var redaktør Rolf Thommesen i Tidens Tegn.

Regjeringa Lykke går av

Etter at Nansen-alternativet hadde blitt forkasta, vart Thommesen ein bitter motstandar av Lykke. Regjeringa hans var heller inga sterk regjering. Lykke sjølv var ingen sterk statsminister, og rundt seg hadde han eit svakt og, med nokre få unntak, eit politisk B-prega lag. Det vart då også eit braknederlag for Høgre ved valet i 1927, ned frå 43 til 29 mandat, og Frisinna Venstre fall frå elleve til to mandat.

Straks Stortinget kom saman på nyåret 1928, leverte Ivar Lykke inn regjeringas søknad om avskjed, og 28. januar gjekk han av. Same året gjekk han også av som formann i Høgre, men på Stortinget sat han fram til 1946.

Stortingets presidentskap under andre verdskrigen

I 1940 vart Noreg okkupert av det tyske nazistregimet under andre verdskrigen. Lykke gjekk inn i presidentskapet i Stortinget til erstatning for C. J. Hambro, som skulle føre motstandskampen vidare frå utlandet. Lykke hadde lang røynsle frå presidentskapet og var ikkje noko unaturleg val.

Lykke var med på skrivet frå Stortingets presidentskap med oppmoding til kong Haakon om å abdisere og ei konstatering av regjeringa til Johan Nygaardsvold ikkje lenger kunne godkjennast. Kongen svara som kjent gjennom ein tale i radio frå London eit klart nei til oppmodinga.

Gransking

Etter krigen vart handlingane til presidentskapet vurdert av ein granskingskommisjon. Presidentskapet vart kritisert av kommisjonen for handlemåten sin. Takka vere presidentskapet «var ikke Stortinget blitt noe nødanker i farens stund», heitte det. Presidentskapet vart også samrøystes kritisert under debatten i Odelstinget i 1948, men ein fann ikkje grunn til å reise riksrettstiltale.

Nyare historieforsking har då også kome til at kritikken mot presidentskapet under krigen og dei første etterkrigsåra var altfor hard i høve til det som faktisk skjedde.

Les meir i Store norske leksikon

Utdrag frå Harald Kjølås: Norske statsministrar, Det Norske Samlaget 1999

Redigert med digital einerett etter avtale med Det Norske Samlaget 2012

Faktaboks

Ivar Lykke
Historisk befolkingsregister-ID
pf01036806050256

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg