Ivar Hjellvik

Faktaboks

Ivar Hjellvik
Født
11. mai 885, Veøy, Møre og Romsdal
Død
11. juli 1970, Oslo

Artikkelstart

Ivar Hjellvik var sokneprest og tok initiativ til å opprette lærarutdanningNesna i 1918 og var den første rektoren ved Nesna lærarskule.

Bakgrunn

Ivar Hjellvik var født i tidlegare Veøy kommune (no delt mellom Molde og Rauma) i Møre og Romsdal og døydde i Oslo. Hjellvik voks opp på ein gard i grenda Hjelvik. Han tok examen artium i 1905 og lærareksamen på Stord allereie i 1906. Sidan var han folkeskulelærar mellom anna i Tysfjord (no Narvik), på Lillestrøm og på Østre Toten. Hjellvik studerte filologi og teologi og tok teologisk embetseksamen i 1916. I 1917 var han prest i Bergen, og i 1918–1920 fungerte han som sokneprest i Nesna sokn.

Lærarskulearbeidet

Det var stor lærarmangel i Nordland på byrjinga av 1900-talet, og den einaste lærarutdanninga i Nord-Noreg låg på dette tidspunktet i Tromsø. Vinteren 1918 tok derfor Hjellvik initiativ til å starte privat lærarskule på Nesna, under namnet Hålogaland lærarskule (seinare Høgskolen i Nesna, og no del av Nord Universitet), og allereie i september var dei første studentane på plass. Hjellvik var rektor ved institusjonen i om lag ti år, dei første åra parallelt med sokneprestembetet.

Åra 1922–1925 fungerte Hjellvik dessutan som ordførar i Nesna kommune. I 1919 kjøpte han Sørvollen, ein gard på Nesna, og her fekk lærarskulen tomt til undervisningsbygg og internat. Frå 1928 og fram til han pensjonerte seg i 1954 var Hjellvik lærar ved Oslo katedralskole, der han underviste i kristendom og språkfag.

Utmerkingar

Hjellvik fekk tildelt Kongens fortenestemedalje i gull i 1963 for den innsatsen han hadde gjort for norsk skule.

Les meir i Store norske leksikon

Litteratur

  • Sigurd Arnekleiv: «Ivar Hjellvik. Sokneprest og rektor», Årbok for Helgeland 1970
  • Ivar Hjellvik: «Korleis Nesna lærarskole vart til», Nesna lærarskole. 50 år. Nesna 1968
  • Øyvind Jenssen: Grendeskolene på Helgeland og mannen fra Romsdal. Nesna 2008
  • «Den nye lærarskulen i Nord-Norig. Eit godt tiltak», Den 17de mai 31.10.1918

Kommentarer

Kommentaren din publiseres her. Fagansvarlig eller redaktør svarer når de kan.

Du må være logget inn for å kommentere.

eller registrer deg