Ivar Grøvik

Faktaboks

Ivar Grøvik
Født
8. juli 1922, Ørsta, Møre og Romsdal
Død
9. juni 1984, Ørsta, Møre og Romsdal

Artikkelstart

Ivar Grøvik var ein norsk lokalhistorikar, målmann og folketalar. Han gjorde kultursoga om Sunnmøre til livsoppgåve og brukte store delar av livet sitt på ungdomslagsrørsla.

Bakgrunn

Grøvik var fødd i Ørsta på Sunnmøre. Han var elev ved Møre folkehøgskule i 1943–1944 og ved jordbruksskulen på Eidså i 1945.

Organisasjonsarbeid

Frå 1946 var han reisetalar og reiseskrivar i Noregs Ungdomslag, i 1951 skrivar i Aust-Agder Ungdomslag, og frå 1952 var han skrivar i Sunnmøre frilynde Ungdomssamlag og forretningsførar for Sunnmørsstovene frå 1952–1972. Grøvik sat i redaksjonen av Jul på Sunnmøre gjennom seksten år frå starten i 1967, og var bygdebokredaktør for Ørsta kommune i ti år fram til 1982.

Frå 1953 var han styremedlem og 1965–1972 formann i Sunnmøre Museum. Han var med i Sunnmøre Historielag i ulike funksjonar i 25 år fram til 1983, som kasserar, sekretær og redaktør for tidsskriftet. Frå 1954 var han styremedlem ved Møre Folkehøgskule og formann 1961–1984. Han var vidare styremedlem i Sunnmøre Målring, formann i Sunnmøre Mållag og Sunnmøre spelemannslag.

Skribent og lokalhistorikar

Han skreiv kunnige artiklar, om lag tretti bøker, særleg av lokalhistorisk interesse, i nokre tilfelle som medforfattar. Første større arbeidet hans var Sunnmøre frilynde Ungdomssamlag i 1954. Ungdomstida ei von på ny vart skriven til 75-årsjubileet for Møre Folkehøgskule i 1974. Ørsta gjennom 100 år kom ut til jubileet i 1983.

Høgskulen i Volda fekk råd av Grøvik i oppbyggingsfasen. For Ørsta kunstlag skreiv han kunstnarbiografiar og katalogar. Han var med i nemndene for reising av bauta over Anders Vassbotn i Volda og Anders Hovden-skulptur i Ørsta, og var elles ein karismatisk folketalar og kåsør i ulike samanhengar. Grøviks innsats som kulturberar og formidlar var formidabel.

Prisar og heider

Då skodespelet Tidsbilete frå Sunnmørssoga vart framført i Ålesund i 1973, var H.M. Kong Olav gjest i salen. Grøvik fekk Sunnmøre Museums Schjelderup-pris for god nynorsk, Sunnmøre Mållags mediepris, Møre og Romsdal fylkes kulturpris, Ørsta kommunes kulturpris og Ungdomssamlagets heiderspris. I 1984 fekk han Kongens fortenestemedalje i gull.

Les meir i Store norske leksikon

Eksterne lenker

Litteratur

  • Harald Grytten, Kjell Skorgevik og Odd Vollan (red.): «Artiklar i Tidsskrift for Sunnmøre Historielag årgang 1–59», s. 134–135. Tidsskrift for Sunnmøre historielag 1984
  • Konrad Helseth: Sunnmørsbibliografi. Utg. av Sunnmøre Historielag og Ålesunds Museums Akademi. Ålesund 1981
  • Bjarne Rabben: «Ivar Grøvik», Tidsskrift for Sunnmøre historielag 1984
  • Kjell Skorgevik: «Sunnmøre historielag 1958–1983», Tidsskrift for Sunnmøre historielag 1984
  • Maurits Årflot ofl. (red.): «Minneord, Ivar Grøvik», Jul på Sunnmøre 1984

Kommentarer

Kommentaren din publiseres her. Fagansvarlig eller redaktør svarer når de kan.

Du må være logget inn for å kommentere.

eller registrer deg