Ivar Digernes

Faktaboks

Ivar Digernes

Ivar Arnstein Knutson Digernes

Født
29. april 1904, Ørsta, Møre og Romsdal
Død
8. februar 1958, Oslo

Artikkelstart

Ivar Digernes var ein norsk kommunist og kulturformidlar mellom Sovjetunionen og Noreg.

Bakgrunn

Ivar Arnstein Knutson Digernes var fødd i Ørsta i Møre og Romsdal og døydde i Oslo. Han tok examen artium i 1922 ved Volda landsgymnas og flytta året etter til Oslo. Her arbeidde han i arbeidarpressa og blei aktiv i Mot Dag-rørsla. Han var redaksjonssekretær i Nordahl Griegs tidsskrift Veien frem i åra 1936–1937. Digernes fullførte cand.mag.-graden ved Universitetet i Oslo i 1938, med faga engelsk, tysk og historie.

Omsetjing

Digernes budde i Moskva i perioden 1927–1936. Her gifta han seg med Tatjana Nesterova i 1930, som han fekk tre born med. Under dette opphaldet arbeidde han for eit sovjetisk forlag og omsette ei rekkje russiske bøker til norsk, hovudsakleg til bokmål, mellom anna av Lenin, Sjolokhov, Gorkij, Tolstoj og Dostojevskij. Særleg omsetjinga hans av Forbrytelse og straff er gitt ut fleire gonger.

Under andre verdskrigen budde Digernes og familien i Sverige. Etter krigen arbeidde han mellom anna som utanriks- og kulturredaktør i avisa Friheten og som tolk ved den sovjetiske ambassaden i Oslo. Mot slutten av livet skreiv han for tidsskriftet Fossegrimen, som Torolv Solheim hadde starta i 1954.

Les meir i Store norske leksikon

Litteratur

  • Jens Kåre Engeset: «Ivar Digernes (1904–1958). Ein radikal kulturformidlar», i Vent vidar seg Hovdevatnet. Kulturhistoriske artiklar. Hovdebygda 2005
  • Martin Nag: Ivar Digernes. En kulturformidler mellom Sovjetunionen og Norge. Oslo 1985

Kommentarer

Kommentaren din publiseres her. Fagansvarlig eller redaktør svarer når de kan.

Du må være logget inn for å kommentere.

eller registrer deg