Faktaboks

Ivar Bakken
Fødd
4. januar 1947, Ålesund
Ivar Bakken under ein timeout med TIF Viking
Ivar Bakken har vore trenar i norsk toppvolleyball sidan slutten av 1970-talet.
Ivar Bakken under ein timeout med TIF Viking

Ivar Bakken er den mest rutinerte og meritterte trenaren i norsk volleyball. Han har sidan 1979 vore trenar i Bergen-klubbane BSI, Ulriken, Nyborg og TIF Viking, i tillegg til fleire periodar som trenar og assistenttrenar for dei norske seniorlandslaga.

Bakken har vunne titlar som trenar i norsk volleyball i seks tiår på rad. Han har til saman vunne 33 titlar i norsk serie, cup og nordisk meisterskap.

Karriere

Ivar Bakken kom frå Spjelkavik på Sunnmøre til Bergen i 1969, og etterkvart byrja han å spele volleyball for Bergensstudentene (BSI). I starten vart kampane spelte utandørs, før den første innandørsserien i Noreg kom i gang i 1970.

Bakken byrja som trenar for BSI sitt herrelag i 1978. Det enda med cup- og seriegull allereie sesongen 1978–1979, og han følgde opp med seriegull også sesongen 1979–1980.

Frå 1980 til 2015 var han samanhengande hovudtrenar for Ulriken og Nyborg. Han etablerte Nyborg som eitt av dei dominerande herrelaga i landet, og med Bakken som trenar tok bergensarane ni seriemeisterskap, fem NM-titlar og tre gull i nordisk meisterskap.

Bakken var i perioden 1982-1989 trenar for kvinnelandslaget i volleyball. I 1987 vart han tilsett som landslagstrenar i deltidsstilling. Han var i tillegg deltidstilsett som landslagsmedarbeidar med ansvar for planlegging av landslaga sin aktivitet. På denne tida var damelandslaget prioritert av volleyballforbundet, og dei fekk eit sportsleg oppsving under Bakken.

I 1990 var Bakken landslagstrenar for det norske herrelandslaget, noko han var i fleire år ut over på 1990-talet. Han var og både hovud- og assistenttrenar for landslaget i fleire periodar like før og etter tusenårsskiftet.

Frå 2015 var Bakken assistenttrenar for Scott Olsen og Jon Erik Liseth, først i Nyborg og deretter i Viking etter fusjonen mellom dei to klubbane i 2016. Han var igjen hovudtrenar for Viking frå 2018, og sunnmøringen var framleis trenar då herrelaget til TIF Viking vart seriemeister i sesongen 2019-2020. Det var Nyborg og Viking sin 16. seriemeisterskap til saman. Bakken hadde vore med på alle.

Ivar Bakken gav seg som trenar etter å ha tatt cupgull med Viking våren 2022. Han var med som oppmann då Viking vann cupfinalen i 2023. Det var hans cupgull nummer 13.

Bakken har sidan 1996 vore æresmedlem i Norges volleyballforbund. Under cupfinalane i volleyball 2023 vart Ivar Bakken tildelt Kongens fortenstmedalje for den årelange innsatsen sin for idretten.

Klubbtrenar

  • Hovudtrenar BSI (1978-1980)
  • Hovudtrenar Ulriken (1980-1996)
  • Hovudtrenar Nyborg (1996-2015)
  • Assistenttrenar TIF Viking (2015-2018)
  • Hovudtrenar TIF Viking (2018-2022)

Les mer i Store norske leksikon

Litteratur

  • Kolbjørn Rafoss: Å spille ballen tilbake – volleyballens historie i Norge (1998)

Eksterne lenker

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg