Ivar Aasen-selskapet

Artikkelstart

Ivar Aasen-selskapet er eit selskap som har til oppgåve å gi ut etterlatne manuskript etter Ivar Aasen og avhandlingar om Aasen og verket hans.

Ivar Aasen-selskapet vart skipa 10. mars 1991. Initiativtakarar var Jarle Bondevik og Oddvar Nes ved Nordisk institutt, Universitetet i Bergen, og Terje Aarset, Høgskulen i Volda. Formålet med selskapet er å gi ut etterlatne manuskript etter Ivar Aasen (serie A) og avhandlingar om Aasen og verket hans (serie B).

I oktober 2006 kom det siste av dei ti banda med etterlatne manuskript:

  • Sunnmørsgrammatikkane av Ivar Aasen (1992)
  • Målsamlingar frå Sunnmøre av Ivar Aasen (1994)
  • Målsamlingar frå Bergens Stift av Ivar Aasen (1995)
  • Målsamlingar frå Christiansands og Agershuus Stifter av Ivar Aasen (1997)
  • Målsamlingar frå Trondhjems og Tromsø Stifter av Ivar Aasen (1998)
  • Målsamlingar 1851–1854 av Ivar Aasen (1999)
  • Dansk-norsk Ordbog av Ivar Aasen (2000)
  • Målsamlingar 1855–1861 av Ivar Aasen (2001)
  • Målsamlingar 1862–1883 av Ivar Aasen (2002)
  • Namnesamlingar av Ivar Aasen (2006)

Av avhandlingar har det kome eitt band, Ivar Aasen-studiar 1 (1998). Det er første gongen manuskripta til Ivar Aasen er lagde fram i vitskaplege utgåver. Noregs forskingsråd, Universitetet i Bergen og Høgskulen i Volda har støtta prosjektet økonomisk. Skriftene er redigerte av Bondevik, Nes og Aarset og er gitt ut på Norsk Bokreidingslag.

Les meir i Store norske leksikon

Litteratur

  • Eli Kristine Korsmo: «Følgde Aasens målsamlingar i 15 år», På Høyden 10.1.2007
  • Kjell Venås: «Målgranskaren Ivar Aasen. Tekster av Ivar Aasen i eit verk på ti band», Maal og Minne nr. 1, 2007
  • Einar Ådland: «Femten år med Ivar Aasen», Dag og Tid 23.2.2007

Kommentarer

Kommentaren din publiseres her. Fagansvarlig eller redaktør svarer når de kan.

Du må være logget inn for å kommentere.

eller registrer deg