Ivanna

Artikkelstart

Ivanna er eit kvinnenamn som kan vere avleidd av mannsnamnet Ivan. Namnet kan også vere samantrekt form av dobbeltnamna Iver Anna og Ivar Anna.

Namnet har fleire variantar: Ivana, Ivanna.

Fyrste namneberar

Den fyrste som vart registrert med namnet, var Betzy Ivanna Mathilda Hartvig fødd 1848 i Bergen.

Namnestatistikk

I perioden 1900–2017 var det omtrent 20 kvinner (fødde i Noreg) som hadde Ivanna som det einaste førenamnet eller som det fyrste av fleire.

Av dei som heitte Ivanna i perioden 1900–2017, var det 67 prosent som hadde dette namnet som det andre førenamnet, til dømes Gro Ivanna. Dette inneber at 33 prosent hadde Ivanna som det einaste førenamnet eller som det fyrste av fleire.

Les meir i Store norske leksikon

Litteratur

  • Alhaug, Gulbrand 1991: Russiske personnamn i Nord-Noreg. [Namn og Nemne 8].

Kommentarer

Kommentaren din publiseres her. Fagansvarlig eller redaktør svarer når de kan.

Du må være logget inn for å kommentere.

eller registrer deg