Isranddelta er ei landform som kan dannast der ein isbre endar i eller like ved havet. Deltaet består av lausmateriale, vesentleg sand og grus, som blir transporterte med breelvar til eit område like framfor brefronten. Der byggjer dei seg opp til ei nær horisontal toppflate på høgde med havnivået på den tida isranddeltaet blir avsett.

Faktaboks

Også kjend som

iskontaktdelta

Eit isranddelta er dimed ei glasifluvial avsetningsform med ei horisontal toppflate som svarer til høgda av den marine grensa. I dei tilfella der breen har lege like bak deltaet då det vart avsett, vil ein finne spor etter dette i form av ei iskontaktside, også kalla iskontaktskråning. Dersom brear smeltar raskt tilbake, vil smeltevatnet ikkje ha tid til å byggje opp eit delta. For at eit isranddelta skal kunna avsetjast, må breen difor stå roleg og ha ein relativt jamn tilførsel av smeltevatn over ein relativt lang tidsperiode.

Ifølgje forskarar vil eit isranddelta ha den same oppbygningen som eit vanleg elvedelta, med topplag, skrålag og botnlag, men med ein kompleks indre struktur med lag som kryssar og kuttar kvarandre. I tillegg er det ofte store variasjonar i kornstorleik på materialet, særleg på proksimalsida (den brenære sida). Dette har truleg samanheng med issmeltinga frå breen som gir breelvane varierande kompetanse, og dessutan varierande tilførsel av materiale. Likevel er det sand, grus og små stein som er dei mest vanlege kornstorleikane i eit isranddelta.

Les meir i Store norske leksikon

Eksterne lenkjer

Litteratur

  • Jan Roar Sulebak (2007). Landformer og prosesser: En innføring i naturgeografiske tema Fagbokforlaget Vigmostad & Bjørke.

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg