Iselin er eit kvinnenamn som er tysk kjæleform av namn på Is(en)-, til dømes Isen-traud. Isen- tyder her ‘jern’ (jamfør tysk Eisen). Iselin kan også ha bakgrunn i Isaline, ei avleiing på norsk grunn av mannsnamnet Isak.

Namnet har fleire variantar: Iselin, Iselinn.

Namnedag er 19. desember. Isak har også namnedag denne dagen.

Personar med namnet Iselin

Kulturell bruk

  • I «Pan» (1894) av Knut Hamsun opptrer Iselin ute i skogen saman med Diderik i draumeaktige scener. Iselin er også ein skikkelse i Hamsuns «Munken Vendt» (1902) og «Benoni og Rosa» (1908).

Kjende personar med namnet Iselin

Eit utval personar med namnet Iselin, og som er omtalt i Store norske leksikon:

Namnestatistikk

I 2022 var det 3 031 kvinner i Noreg som hadde Iselin som det einaste førenamnet eller som det fyrste av fleire. I 2022 var det 8 jenter som fekk namnet Iselin.

Utvikling i bruk av namnet

Iselin var på topp 1990–1994. Det er mogleg at songartisten Iselin Alme (fødd 1957) har hatt innverknad på populariteten.

Utvikling i bruk av namnet Iselin frå 1880
Utvikling i bruk av namnet Iselin frå 1880
Av /Store norske leksikon.
Lisens: CC BY SA 4.0

Les meir i Store norske leksikon

Litteratur

  • Kruken, Kristoffer og Ola Stemshaug 2013: [Norsk personnamnleksikon]. 3. utgåva ved Kristoffer Kruken. Oslo.

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg