Faktaboks

Isak Nilsen Botnen

Isak Nilsson Botnen eller Isak Nilsen Skaar

Fødd
1669, Kvam, Vestland
Død
1759, Kvam
Verke
Felemaker og fiolinbygger
Familie

Foreldre: Nils Eiriksson Øystese og Anna Isaksdatter Skaar.

Gift 1711 med Anna Trondsdatter Tveit (1689–1749), datter av Trond Larsson Tveit (1650–1700) og Ranveig Rikolvsdatter Sponheim (1651–1721).

Isak Nilsen Botnen var ein norsk fele- og fiolinmakar. Han bygde ei rekkje hardingfeler og fiolinar i første halvdel av 1700-tallet, og bidrog til den tekniske utviklinga av hardingfela.

Bakgrunn

Botnen var truleg fødd i Kvam i Hordaland (no Vestland). Han voks opp på garden Skår (Skaar) i Fyksesundet, ein fjordarm av Hardangerfjorden. I 1723 overtok han garden Botnen inst i Fyksesundet, der han livnærte seg av felebygging og dreiv med laksefiske. Dei siste ti åra av livet sitt budde han i Indre Ålvik. Her heldt han fram som felemakar, og felesignaturar viser at han i denne perioden brukte Skaar-namnet frå farsgarden i staden for Botnen.

Instrumentarbeidet

Ifølgje artikkelen «Efterretning om Viol-Mageriet i Vigøers Præstegield i Hardanger» (1766), skriven av tidlegare kapellan i Vikøy prestegjeld, Even Meldal, lærte Isak Botnen å lage feler av skulehaldar Lars Klark. Ein annan mogleg læremeister for Botnen kan ha vore «Austlands-Pål», som skal ha slått seg ned i Botnen alt på 1640-talet. Han skal ha hatt med seg ei «tysk fele», altså ein fiolin. Kjennskap til dette instrumentet kan ha påverka utviklinga av felemakarkunsten til Isak Botnen. Andre meiner at Lars Klark også har lært Botnen fiolinbygging, men at bygging av feler med understrenger var noko Botnen allereie hadde tileigna seg frå anna hald i sitt eige distrikt.

Isakfela

På midten av 1600-talet eksisterte det ein felebyggjarkunst i Hardanger, noko den såkalla Jaastad-fela, datert 1651, vitnar om. Denne fela, med fire spelstrenger og to understrenger (resonansstrenger), er den eldste hardingfela som er bevart. Ho er signert Ole Jonsen Jaastad (1621–1694). Understrengene kan ha vore ein påverknad frå dei britiske øyane. Felene til Botnen representerer ei vidareutvikling av denne modellen, der ein kan sjå påverknad frå kjennskapen hans til fiolinen.

Det finst i dag ca. 20 feler som sikkert eller sannsynlegvis er laga av Isak Botnen. Tre av desse er både signerte og daterte (1750, 1751, 1753), og finst mellom anna ved Norsk folkemuseum, Sunnmøre Museum, Stavanger museum og Hardanger folkemuseum. Botnen sine instrument blei solgt og brukt både i Noreg og i utlandet. Dei andre finst hovudsakleg i privat eige. Den eldste av dei usignerte Isak-felene er datert 1692 (Hardanger folkemuseum). Det er ikkje bevart fiolinar etter Botnen, men han skal ha laga fleire slike, mellom anna ei, ifølgje «Efterretning om Viol-Mageriet», for fiolinisten Johan Henrik Freithoff (1713–1763), som var musikar ved Det kongelige Kapel i København.

Samanlikna med Jaastad-fela gjorde Botnen felekroppen gradvis større. Felene hans har frå ein til seks understrenger, men hovudtendensen er at han auka talet på understrenger samanlikna med Jaastad-fela. Det vanlegaste talet på strenger på Botnen sine feler er såleis åtte: fire overstrenger og fire understrenger. Denne utvidinga av talet på understrenger kan ha samanheng med at dette fenomenet får ny popularitet i Europa kring 1700. Den eine fela som berre har ein understreng (som er den som er datert 1751), er truleg ein fiolin som har fått sett på denne understrengen i ettertid.

Botnen laga feler av ulike treslag: furu (lok), barlind eller svartord (botn) og hegg (sargane). Helst brukte han ved frå tre som lynet hadde slått ned. Veden kokte han for å heve kvaliteten på materialet ytterlegare. Felene hans hadde tre typar felehovud: menneskehovud (som oftast kvinner), groteske hovud eller «skroll», dvs. ein utskoren snurr. Gripebrettet er dekorert med geometriske figurar.

Omdøme og ettermæle

Felene til Isak og sonen hans, Trond Botnen (også kalla Flatebø), hadde svært godt omdøme i samtida, og dødsbuet på 503 riksdalar viste at felebygginga hadde gjort Isak velståande. Felebygginga i Hardanger blir rosande omtalt i Erik Pontoppidans Det første Forsøg på Norges Naturlige Historie (1752–1753). Det at «hardingfele» utover på 1800-talet gradvis vinn fram som namn på fele med understrenger, og ikkje berre på feler laga i Hardanger, reknar ein i dag med har nær samanheng med nettopp posisjonen og kvaliteten til Botnen-felene.

På plata Rosa i botnen (2006) spelar Knut Hamre og Benedicte Maurseth for første gong i nyare tid på dei opphavlege Jaastad- og Botnen-felene.

Les meir i Store norske leksikon

Litteratur

  • Aksdal, Bjørn: Hardingfela. Felemakerne og instrumentets utvikling. Trondheim 2009
  • Bjørndal, Arne og Brynjulv Alver: – og fela ho lét. Norsk spelemannstradisjon. Bergen 1966

Faktaboks

Isak Nilsen Botnen

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg