Faktaboks

IRA

PIRA – Provisional Irish Republican Army (provisoriske IRA)

irsk Óglaigh na hÉireann («friviljuge for Irland»)

Etymologi

engelsk «den irske republikanske hæren»

Uttale
ˈairisj ripˈʌblikən ˈa:mi
(P)IRA
Maskerte og væpna (P)IRA-medlemer under markeringa av årsdagen for Påskeopprøret (1916) i Belfast i 1997.
(P)IRA
Av /NTB.
PIRA
Åtte (P)IRA-medlemmar, i svarte beretar og solbriller, i gravferda til (P)IRA-medlem Michael Gaughan, som døydde etter 65 dagars sveltestreik i fengsel i 1974.
PIRA
Av /NTB.

Irish Republican Army (IRA) er namnet på ei rad ulovlege paramilitære organisasjonar som har drive væpna kamp mot britisk styre og innverknad på øya Irland. Namnet IRA kom i vanleg bruk frå 1919, då frigjeringskrigen mot den britiske hæren og støttespelarane deira i Irland braut ut. I 1921 vart Irland delt mellom Irske fristat (seinare den sjølvstendige republikken Irland) og Nord-Irland. Nord-Irland heldt fram i unionen med Storbritannia. IRA ville ha slutt på det britiske styret i Nord-Irland, og ynskte ein foreint irsk republikk.

I norsk samanheng refererer IRA oftast til organisasjonen Provisional IRA (provisoriske IRA eller PIRA), som vart til ved årsskiftet 1969–1970, då organisasjonen vart delt i to. Den andre delen vart kalla Official IRA (det offisielle IRA). Det provisoriske IRA vart rekna som ein terrororganisasjon av både den britiske og den irske staten, men var på den andre sida rekna som fridomskjemparar av vesentlege delar av den nasjonalistiske folkegruppa i Nord-Irland, av mange irske utvandrarar til USA og av eit mindretal i Republikken Irland. Dei aller fleste av Provisional IRA sine aksjonar skjedde i Nord-Irland eller England, langt færre skjedde i Republikken Irland. Dei planla eller gjennomførde også ein del aksjonar mot britiske mål i Tyskland, Belgia, Nederland og på Gibraltar. Perioden då (P)IRA var mest aktive, kallast ofte for «the troubles».

PIRA-organisasjonen vart bygd ned i åra etter fredsprosessen som leidde til Langfredagsavtala i 1998, og avvæpna seg sjølve gradvis i åra mellom 2001 og 2005. Republikanske grupper som hadde brote ut i protest mot fredsprosessen og avvæpninga, var likevel framleis aktive. Den mest kjende av desse gruppene er Real Irish Republican Army (det verkelege IRA, 1997–).

Det gamle IRA (til 1969)

Gamle IRA
Eamon De Valera (nummer tre frå fotografen oppe på plattformen) helsar troppane i det gamle IRA ved Six Mile Bridge, Clare, 1921.
Gamle IRA
Av /Mary Evans Picture.
Bombinga av Four Courts, Dublin
I den militante republikanske tradisjonen var den anglo-irske avtala frå 1921 og delinga av Irland ei ulukke. Delinga skapte ein britiskstyrt del i nord, og ein sjølvstyrt del i sør (Irske fristat). I 1922 bomba IRA Four Courts (rettsbygninga) i Dublin, noko som blir rekna som innleiinga av den irske borgarkrigen.
Bombinga av Four Courts, Dublin
Av /NTB.

Øya Irland vart del av unionen med Storbritannia i 1801, i etterkant av det fyrste «moderne» republikanske opprøret i Irland (1798). Det var Society of United Irishmen (skipa i 1791) som stod bak dette mislukka opprøret, og som «grunnla» den republikanske tradisjonen i Irland. Ei anna viktig historisk rot for republikanismen var Irish Republican Brotherhood– IRB – skipa i 1858.

Organisasjonsnamnet IRA på væpna republikanske opprørar vart fyrste gongen vanleg brukt frå 1919 i den irske frigjeringskrigen på dei som ville forsvara det nye irske parlamentet Dáil Éireann. Dette parlamentet vart skipa av Sinn Féin etter at dette partiet vann ein massiv siger i 1918-valet til underhuset i London frå valkrinsane i Irland. Sinn Féin skipa dette parlamentet fordi dei ikkje godtok styre av Irland frå London.

Etter den irske frigjeringskrigen fylgde borgarkrig i åra 1922–1923. Då var Irland alt delt i Republikken Irland og Nord-Irland (1921), fordi det unionsvenlege fleirtalet nordaust på den irske øya ynskte framhald av unionen med Storbritannia. Borgarkrigen stod mellom dei delane av IRA som motviljug aksepterte delinga av Irland, og dei delane av IRA som ville kjempa mot unionen skulle førast vidare for delar av øya. Den siste av desse fraksjonane kjempa også mot britiske styrkar og eit militarisert unionsvenleg politi i Nord-Irland.

IRA og andre militante nasjonalistar som ynskte ein foreint irsk republikk, vart kalla republikanarar. Dei som ynskte å føra vidare unionen mellom Nord-Irland og Storbritannia, vart kalla unionistar. Dei som var med i eller sympatiserte med paramilitære grupper på den unionsvenlege sida, vart kalla lojalistar fordi dei var lojale mot den britiske staten og kongefamilien. Dei fleste republikanarane/nasjonalistane var katolikkar, og dei fleste unionistane var protestantar.

I den militante republikanske tradisjonen var den anglo-irske avtala frå 1921 og delinga av Irland ei ulukke. Dei meinte at delinga skapte ein britiskstyrt del i nord, og ein del i sør (Irske fristat) som lot seg bruka av britane for å slå ned ideen om ein allirsk republikk for heile Irland i den irske borgarkrigen. IRA meinte at korkje det som seinare vart republikken Irland eller Nord-Irland var legitime politiske einingar.

Det gamle IRA konsentrerte seg likevel om kampanjar mot britisk-styre i Nord-Irland etter borgarkrigen. I 1939 og 1940 iverksette dei ei bombekampanje i England, seinare kom ei kampanje i 1940-åra i Nord-Irland og grensekampanja (Operasjon Harvest) frå 1956 til 1962.

Frå borgarrettsrørsle til langvarig valdeleg konflikt

Frå 1921 til 1972 hadde Ulster Unionist Party (UUP) i nært samarbeid med den protestantiske Orangeordenen monopol på politisk makt i Nord-Irland. Denne perioden i Nord-Irlands historie var merkt av klår diskriminering av nasjonalistane politisk, sosialt og økonomisk. Regionen hadde dessutan autoritære unnatakslover og eit militarisert politi som sikra fysisk kontroll.

Dette unionistiske regimet vart fyrst fredeleg utfordra frå tidleg på 1960-talet, men Nord-Irland vart destabilisert og glei over i valdeleg konflikt frå slutten av tiåret.

«Det gamle IRA» var politisk isolert og sterkt organisatorisk svekka etter aksjonane mot politistasjonar på den nord-irske sida av grensa frå 1956 til 1962. Tidleg i 1960-åra slo ideane frå den svarte borgarrettsrørsla i USA inn i nokre miljø i Nord-Irland, også blant dei aller mest liberale unionistane. Dette peikte fram mot skipinga av Northern Ireland Civil Rights Association – NICRA (1967). Mange unionistar sette seg imot reform av undertrykkande unntakslover, av valordningar som systematisk favoriserte unionistar, og av diskriminering i arbeidslivet og i bustadpolitikken. Desse kunne heller ikkje godta oppløysing av det tungt militariserte og massivt unionistiske spesialpolitiet Ulster Special Constabulary – oftast kalla B-specials.

Som ein del av denne motstanden mot reform gjenoppstod den militante unionsvenlege (lojalistiske) organisasjonen Ulster Volunteer Force (UVF) etter lengre dvale i 1965/1966, og utførte då dei fyrste dødelege valdshandlingane i konfliktopptrappinga i Nord-Irland.

Provisional IRA (PIRA)

Blodige søndag
Ein væpna britisk soldat tar tak i ein demonstrant under masseskytinga 30. januar 1972, seinare kjent som blodige søndag. 14 menneske vart drepne.
Av /NTB Scanpix.

I 1969 var regjeringa i Nord-Irland (Ulster Unionist Party) i ferd med å mista kontrollen med ro og orden. Krav frå borgarrettsrørsla om grunnleggjande reformar vart møtt med hardhendt politimakt og åtak frå militante unionsvenlege under demonstrasjonar, og med åtak mot nasjonalistiske bustadområde. «Det gamle IRA» møtte då sterk kritikk for at organisasjonen var for svak og for dårleg utstyrt til å forsvara nasjonalistiske bustadområde. Graffiti av typen «I.R.A. = I Ran Away» uttrykte slik kritikk. Unionistregjeringa bad om støtte frå den britiske hæren, og dei patruljerte i gatene frå august 1969. Frå starten vart dei ynskt velkomne av mange nasjonalistar som frykta det nord-irske politiet og dei paramilitære unionsvenlege, men dette vara ikkje lenge.

Delinga i «provisional» og «official»

Leiinga for det gamle IRA var lunkne til den væpna kampen som hovudstrategi, og var inspirert av marxistisk tenking. Denne strategien og manglande evne til å forsvara nasjonalistiske bustadområde skapte splid i den republikanske rørsla. Både partiet Sinn Féin og IRA vart difor delte ved årsskiftet 1969–1970. Den marxistisk inspirerte fløya gjekk under namnet Official IRA (med Official Sinn Féin som politisk støtteparti), medan dei som ville halda på geriljatradisjonen og verna dei nasjonalistiske bustadområda gjekk under namnet Provisional IRA (med Provisional Sinn Féin som politisk støtteparti). Provisionals var mest aktive og rekrutterte langt fleire.

Restar av Official IRA eksisterte fram til slutten av 1990-åra, men gjekk gradvis i oppløysing frå 1972, då dei kunngjorde ei våpenkvile samstundes som dei meinte å ha rett til sjølvforsvar og motåtak. I 1974 braut misnøgde Official IRA- og Official Sinn Féin-medlemer ut og skipa Irish National Liberation Army (INLA) og Irish Republican Socialist Party (IRSP). Official Sinn Féin tok seinare namna Sinn Féin – the Workers Party (1977) og Workers Party (1982). Partiet glei samstundes vekk frå nokså ortodoks marxisme. I 1992 vart Democratic Left skipa av utbrytarar frå Workers Party. Democratic Left gjekk seinare inn i Labour Party i Republikken Irland. Official IRA og Official Sinn Féin har såleis vore merkte av ei rad kløyvingar og organisatoriske og politiske omdanningar. I Republikken Irland spela det omdanna Official Sinn Féin i periodar ei viss rolle som juniorpartnar i regjeringskoallisjonar med meir konservative parti. I Nord-Irland var Irish National Liberation Army (INLA) i periodar ein vesentleg aktør i «the troubles», men partiet deira, Irish Republican Socialist Party (IRSP) har aldri vunne stor oppslutnad. Det er såleis ikkje tvil om at Provisionals-tradisjonen i irsk republikanisme vart dominant og hadde langt større innverknad på ettertida enn Officials-tradisjonen.

«The troubles»

UDA
Maskerte soldatar frå den paramilitære lojalistorganisasjonen Ulster Defence Association (UDA) marsjerer i ein nord-irsk by, truleg tidleg i 1970-åra. UDA vart definert som terroristgruppe i 1992, og hadde IRA som hovudfiende.
UDA
Av /Keystone Pictures/NTB.

Stabiliteten i Nord-Irland vart undergrave av aukande valdeleg aktivitet frå republikanske og lojalistiske paramilitære og av den britiske hæren i åra mellom 1969 og 1972. I august 1971 iverksette dei britiske styrkane ei mislukka interneringskampanje retta mot republikanarane. Denne starta med ein massakre i Ballymurphy i Vest-Belfast i august 1971. Der vart 10 menneske drepne av dei britiske fallskjermjegarane på tre dagar, ein ellevte døydde seinare av skadane. I 2021 vart det fastslege at alle dei drepne var uskuldige. Dei same styrkane stod òg bak massakren mot fredelege borgarrettsdemonstrantar på den blodige sundagen i Derry/Londonderry 30. januar 1972. Der vart 13 drepne på dagen, og ein fjortande døydde av skadane ei tid etter. Fyrst etter ei massiv undersøking i åra 1998–2010 vart det slege klårt fast at handlingane til dei britiske fallskjermjegerane ikkje kunne forsvarast – dei drepne var uskuldige. Desse massakrane bidrog til sterkt aukande rekruttering til Provisional IRA, og til at 1972 vart året med størst omfang av valdsbruk i Nord-Irland. Blodbadet i Derry/Londonderry leidde raskt til at dei britiske styresmaktene oppløyste det unionistkontrollerte parlamentet i Belfast (Stormont).

Den valdsbylgja som merkte Nord-Irland frå 1969 til etter fredsavtala (Langfredagsavtala) i 1998, har ofte vore kalla «the troubles». (Provisional) IRA var den største og viktigaste av alle dei ikkje-statlege aktørane under «the troubles».

Den mest frykta geriljaorganisasjonen i vesten i nyare tid

Bombeangrep i London

I juni 1974 vart parlamentsbygget i London skadd av ein bombeeksplosjon og 11 personar vart då skadde. (P)IRA stod bak.

Av /RV1864.
Lisens: CC BY NC ND 2.0

Fram til Provisional IRA gradvis avvæpna seg sjølve under internasjonalt oppsyn i åra fram til 2005 og etter kvart forsvann, var dei den mest kjende og frykta geriljaorganisasjonen i vesten i nyare tid. IRA var rekna som hovudfienden til den britiske hæren og til dei paramilitære på unionsvenleg side. Den britiske generalstabssjefen Mike Jackson omtala (provisional) IRA som ein profesjonell, dedikert, dugande og uthaldande styrke då han oppsummerte Operasjon Banner – utplasseringa av britiske troppar i Nord-Irland i åra 1969–2007. Dette var den lengst varande britiske troppeutplasseringa nokon gong. Lojalistiske paramilitære organisasjonar og andre republikanske fraksjonar vart skildra som lite anna enn forsamlingar av gangsterar.

Under «the troubles», frå slutten av 1960-åra til Langfredagsavtala i 1998, vart meir enn 3500 menneske drepne. IRA var ansvarlege for om lag 48 prosent av dødsfalla. Om lag 59 prosent av dei som vart drepne av IRA, var medlemer eller tidlegare medlemer av den britiske hæren eller politistyrkane, medan om lag 29 prosent var sivile. Kategorien sivile omfatta mellom anna sivile tilsette i den britiske hæren, politikarar, domarar og fengselspersonell, og personar IRA hevda var informantar eller kriminelle. Resten var stort sett IRA-friviljuge som vart drepne av eigne bomber eller unionsvenlege paramilitære. Det er rekna ut at IRA var ansvarlege for nærmare 90 prosent av drapa på britiske soldatar og polititenestemenn, og i underkant av 30 prosent av dei sivile som vart drepne. Oppunder 300 IRA-friviljuge vart drepne i denne perioden. I tillegg var IRA ansvarlege for ei stor mengd personskadar og materielle øydeleggingar som kosta enorme summar.

Ideologi og politisk tenkjing

I eigne augo henta (P)IRA legitimiteten sin frå at dei hevda å vera den organisasjonen som slåss vidare for å forsvara den republikken som vart proklamert ved påskeopprøret i Dublin i 1916 og av det nye irske parlamentet i 1919, og som vart forsvart av IRA i frigjeringskrigen mot britisk styre i 1919–1921.

Målet til (P)IRA var ein all-irsk demokratisk og sosialistisk republikk, det står innskrive i det mest sentrale politikkdokumentet deira, The Green Book. Organisasjonen hadde knapt nok nokon klår ide om kva sosialisme skulle innebera for ein allirsk republikk, iallfall ikkje frå tidleg i 1970-åra. Frå 1980-åra endra dette seg, då IRA-fangar studerte og diskuterte marxismepåverka tenking i arbeida til den algirske frigjeringsideologen Franz Fanon, den italienske kommunisten Antonio Gramsci, Ho Chi Minh og fleire andre. Dette påverka IRA-aktive og Sinn Féin-medlemer.

Oppløysinga av Sovjetunionen og austblokka frå 1989 gjorde tradisjonell marxisme mindre attraktivt, og potensielle allierte i Aust-Europa forsvann raskt. I staden orienterte IRA og Sinn Féin seg meir i retning av African National Congress (ANC), og det vart nære organisatoriske og private band mellom ANC og IRA og leiande medlemer i desse organisasjonane. IRA og Sinn Féin hadde også nære band til dei baskiske separatistane ETA og deira politiske støtteparti, og til palestinske organisasjonar i PLO-Fatah-familien.

(P)IRA som kjerna i den republikanske rørsla

Adams og McGuinness
Ein reknar med at dei profilerte Sinn Féin-politikarane Gerry Adams (til venstre med briller og skjegg) og Martin McGuinness (til høgre) har vore stabssjefar i IRA, men båe har nekta for dette. Kvinna nedst til venstre i biletet er Mary Lou McDonald, som tok over som partileiar i Sinn Féin etter Adams i 2018. Foto frå 2016.
Av .
Lisens: CC BY 2.0

Innanfor irsk republikansk tradisjon var IRA kjerna i den republikanske rørsla, som elles inneheld det politiske partiet Sinn Féin, avisorganet An Phoblacht/Republican News frå 1979 – då dei to separate avisene An Phoblacht og Republican News vart slegne saman. Sinn Féin støtta IRA, og ein del Sinn Féin-medlemer var òg med i IRA. An Phoblacht hadde den faste spalta «War news» som rapporterte om IRA-aksjonar sidan førre avisutgåve. På kvart Sinn Féin-landsmøte (irsk: Ard Fheis) var the Army Speech eit fast punkt på programmet. IRA-leiinga kommuniserte med omverda gjennom pressemeldingar i An Phoblacht/Republican News eller i andre aviser underskrive med det faste pseudonymet P. O’Neill.

Det fylgde av prinsippet om IRA som kjerna i den republikanske rørsla at Sinn Féin ikkje kunne kompromissa meir i fredsprosessen frå 1990-åra enn eit stort fleirtal i IRA kunne akseptera. Ein annan konsekvens var at tung representasjon av Sinn Féin-leiarar og med nære kontaktar med Sinn Féin-leiarar i IRA sine leiande organ var viktig for republikanarar som ynskte våpenkvile og fredsslutning.

Høgst sannsynleg hadde framståande Sinn Féin-politikarar også sentrale posisjonar i IRA. I 2005 namngav den irske visestatsministeren Sinn Féin-politikarane Gerry Adams, Martin Ferris og Martin McGuinness som medlemer av IRA Army Council. Alle tre nekta for dette. Det er ei utbreidd oppfatning at Adams og McGuinnes båe tidlegare hadde vore stabs-sjefar for IRA. Ikkje overraskande har båe nekta for dette. I 2005 konkluderte ein av Irlands mest kjende journalistar med at 15 av 35 parlaments-representantar for Sinn Féin i London, Dublin, Belfast og Brussel var eller hadde vore IRA-medlemer.

Organisasjonen

Det høgste organet i IRA var the General Army Convention. Der møtte utsendingar frå alle einingar. Dette organet møttest berre eit fåtal gonger etter 1969/1970 fordi det var vanskeleg å halda såpass store forsamlingar hemmeleg. Det er kjent at the General Army Convention møttest sju gonger mellom september 1970 og juni 2002. Dei fleste av desse møta var mellom 1996 og 2002. Denne aukande møtefrekvensen seint i IRA-historia kan nok forklårast med fredsprosessen i for- og etterkant av Langfredagsavtala (1998). Aksept frå det høgste organet i IRA kunne gje auka handlingsrom for Sinn Féin sine forhandlarar og gje høve til taktisk spel for å redusera storleiken på organisatoriske kløyvingar som ein visste ville koma som resultat av prosessen.

Army Convention valde eit Army Executive på 12 personar som møttest to gonger i året og var sjølvsupplerande. Dette organet valde i sin tur eit Army Council på sju personar som peikte ut ein stabs-sjef. Stabssjefen peikte ut sine eigne generalstabsmedlemer, blant anna ein nestkommanderande (Adjutant General) og ein Quartermaster General med eigen stab med ansvar for å skaffa, skjula og vedlikehalda våpen. Det var òg eigne generalstabsmedlemer for operasjonar, for finans, for publisitet, for etterretning og ein ingeniørstab. Det fanst og eit eiga Englandsavdeling under generalstaben.

Under generalstaben hadde IRA ein nordkommando og ein sørkommando. Nordkommandoen leidde Nord-Irland og grensegrevskapa i Republikken Irland. Sørkommandoen hadde ansvaret for resten av Irland. Sørkommandoen sitt hovudansvar var fyrst og fremst støtteaktivitetar for Nord-kommandoen, til dømes import og lagring av våpen, å skaffa trygge opphaldsstader for IRA-folk på rømmen, finansiering ved ran og organisering av treningsleirar. Dette innebar også ansvar for å samla pengestøtte, særleg frå miljø som sympatiserte med IRA blant irsk-amerikanarane.

(P)IRA øydelegg våpna sine og forsvinn

Omagh 1998
Ei utbrytargruppe frå (Provisional) IRA – Real IRA – sprengde ei bilbombe 15. august 1998 i Omagh i Nord-Irland. 29 menneske vart drepne. Åtaket var retta mot fredsprosessen, som Provisional IRA var ein viktig del av.
Av /NTB Scanpix.

IRA-organisasjonen vart bygd ned i åra etter Langfredagsavtala (1998) og vart gradvis avvæpna ved å øydeleggja våpna sine under internasjonalt oppsyn i åra mellom 2001 og 2005. Kritikarar av IRA var likevel sterkt i tvil om organisasjonen då avslutta aktivitetane sine. I 2015 slo den irske Garda Commissioner (politisjefen) fast at det irske politiet ikkje hadde prov for at dei militære strukturane til IRA framleis fanst eller for at dei var involvert i kriminalitet. Same året oppsummerte Police Service of Northern Ireland (PSNI) at IRA ikkje lenger fanst som paramilitær organisasjon, og at IRA-medlemene ynskte å bruka fredelege metodar for å nå dei politiske måla sine og heller ikkje var engasjerte i eller trekte i trådane for kriminalitet.

Republikanske grupper som hadde brote ut frå IRA i protest mot deltakinga deira i fredsprosessen og mot avvæpninga dei gjennomførde, var likevel framleis aktive. Den mest kjende av desse gruppene er Real Irish Republican Army (1997–).

Desse gruppene var og er likevel langt mindre, mindre velorganiserte og velutstyrte, klårt mindre aktive og hadde langt mindre folkeleg støtte enn (Provisional) IRA. Sjølv om slike grupper kunne og kan organisera valdelege aksjonar, er det difor vanleg å rekna med at slike grupper ikkje har ressursar til å destabilisera situasjonen i Nord-Irland, slik (Provisional) IRA kunne.

Kjente (P)IRA-aksjonar

Louis Mountbatten

Restene av Louis Mountbattens båt
Lord Louis Mountbatten, medlem av den britiske kongefamilien (han var mellom anna onkel av prins Philip, dronning Elizabeth 2s ektemann), vart drept av (P)IRA i eit bombeattentat om bord i båten sin utanfor kysten av Irland i 1979. På biletet går ein irsk politimann gjennom vrakrestane av båten til Mountbatten, Shadow V.
Restene av Louis Mountbattens båt
Av /NTB.

(P)IRA-aksjonane under «the troubles» tok livet av fleire høgprofilerte personar. Den mest kjende var admiralen Louis Mountbatten, som hadde vore den siste britiske visekongen av India og var medlem av den britiske kongefamilien. Han vart drepen av IRA medan han var på fisketur i republikken Irland i 1979. Same dagen som Mountbatten vart drepen, tok IRA- bomber livet av 18 britiske soldatar nær grensa til republikken. Dette var det mest dødelege åtaket på britiske styrkar under perioden med britisk troppeutplassering i Nord-Irland.

Thatcher og Major

IRA-åtaka retta seg også mot britiske statsministrar, regjeringar og topp-politikarar. I 1984 freista IRA å ta livet av statsminister Margaret Thatcher og regjeringa hennar under det konservative partilandsmøtet i Brighton med tidsinnstillt bombe. Thatcher og regjeringa unnslapp, men bomba tok likevel livet til fem konservative politikarar. Statsministerkontoret i Downing Street, statsminister John Major og krigskabinettet hans som var samla for å diskutera Golfkrigen, var målet då IRA gjennomførte eit granatåtak i februar 1991. Også Major og krigskabinettet hans unnslapp.

Baltic Exchange-bombinga

Baltic Exchange
Baltic Exchange-bygget i London etter (P)IRA-bomba i april 1992.
Baltic Exchange
Av /NTB.

Ein annan høgprofilert IRA-aksjon mot eit såkalla økonomisk mål, var Baltic Exchange-bombinga i forretningsområdet City of London i april 1992. Der detonerte IRA den største bomba som hadde gått av i Storbritannia sidan andre verdskrigen. Bomba raserte Baltic Exchangebygget og nærliggjande bygg, tok livet av tre personar og skadde 91. Åtaket var varsla, men plasseringa vart rapportert upresist. Omrekna til 2022-verdiar vart skadene taksert til meir enn 1,6 milliardar pund, klårt meir enn dei om lag 10000 bombeeksplosjonane i Nord-Irland til saman.

Flukta frå Long Kesh

Ei stor fangeflukt i september 1983 vart rekna som ein massiv propagandasiger for IRA og Sinn Féin, sjølv om mange av dei som flykta raskt vart arresterte. Då greidde 38 IRA-fangar å flykta ut av høgsikringsfengslet Long Kesh, som skulle vera fluktsikkert.

Tilbakeslag frå britiske spesialstyrkar

Irish Republican Army

Frå ein av mange valdelege (P)IRA-aksjonar: bombeattentatet mot The Horseguards, 20. juli 1982, ved Hyde Park i London.

Av /NTB Scanpix ※.

Nokre IRA-aksjonar gav også kraftige tilbakeslag for organisasjonen. I mai 1987 skulle IRA gå til åtak på ein politibase i Loughgall i grevskapet Armagh med ein såkalla Active Service Unit på 8 personar. Britiske spesialstyrkar frå Special Air Services (SAS) hadde førebudd seg på åtaket, og tok livet av alle åtte. Det var det største tapet IRA opplevde i ein einskildaksjon under valdsperioden i Nord-Irland.

Året etter kom eit nytt tilbakeslag for organisasjonen då ei IRA-eining på tre personar vart drepne av SAS i Gibraltar. Det var pårekna at dei tre skulle utføra åtak mot britiske styrkar i Gibraltar, men då dei vart skotne på kloss hald, var alle tre uvæpna.

I ettertid har IRA sagt seg leie for at sivile liv gjekk tapt ved fleire aksjonar, for eksempel på den blodige fredagen i juli 1972, då ni menneske vart drepne av IRA og langt fleire vart skadde i ein serie bombeeksplosjonar i Belfast.

(P)IRA og kampen i fengsla

Sultestreik-støtte
I 1976 vart republikanske fengselsinnsette fratekne statusen sin som politiske fangar. Dette utløyste seinare sveltestreikar i fleire fengsel i Nord-Irland. Biletet viser Sinn Fein-medlemer som protesterar til støtte for dei sveltestreikande.
Av /Burns Library.
Lisens: CC BY NC ND 2.0
Bobby Sands' begravelse
Kista til IRA-mannen Bobby Sands, som vart valt til Londonparlamentet medan han sveltestreika under fengsels-soning i 1981, vert bragt til gravstaden Milltown Cemetery (Belfast) omgjeve av uniformerte og maskerte IRA-soldatar.
Av /Associated Press.
Norsk demonstrasjon for IRA-fangane

Sveltestreikane utløyste reaksjonar i Noreg og mange andre land. Biletet er frå ein demonstrasjon til støtte for fangane i Oslo i mai 1981. På parola står det «Siger åt I.R.A».

Norsk demonstrasjon for IRA-fangane
Av /NTB.
H-Block Monument, Derry
H-Block Monument i Derry, Nord-Irland, minnesmerket over dei sveltestreikande fangane som døydde i 1981.
Av .
Lisens: CC BY SA 3.0

Den (P)IRA-«aksjonen» som gav dei aller sterkaste verknadene for ettertida, omfatta ikkje bruk av bomber eller andre våpen, men sveltestreik.

I 1976 ville dei britiske styresmaktene fjerna Special Category Status, som IRA-fangar haddehatt sidan 40 av dei sveltestreika i 1972. Dei britiske styresmaktene ville gjera det tydeleg at republikanske fangar var kriminelle og terroristar. Special Category Status innebar til dømes at fangane ikkje kunne påleggjast vanleg fengselsarbeid eller tvingast til å gå i fangeuniform. Det var ein slags krigsfangestatus som gjorde at fangane kunne bruka soningstida til opplæring, politiske diskusjonar, og dei kunne halda på sine paramilitære kommandostrukturar. Special Category Status var difor også viktig for den legitimiteten IRA meinte å ha som soldatar. Statusen skulle fasast ut for dei som var dømde etter 1. mars 1976.

I striden mot denne nyordninga stod IRA-fangar saman med ein annan republikansk paramilitær organisasjon – Irish National Liberation Army – INLA. Dei iverksette ein teppeprotest mot fangeuniformskravet og ein «skitprotest» der potteinnhald vart smurt ut over celleveggar. Ved valet til Europaparlamentet i 1979 oppmoda Sinn Féin til boikott, men den partiuavhengige republikanaren Bernadette McAliskey stilte til val på støtte til dei republikanske fangane og fekk 5,9 prosent av røystene frå Nord-Irland.

27. oktober 1980 vart striden trappa opp då seks IRA-fangar og ein INLA-fange gjekk til sveltestreik, etter kort tid slutta republikanske fangar i Armagh kvinnefengsel seg til streiken. Streiken vart avblåst føre nokon omkom, fordi dei britiske styresmaktene gav inntrykk av at dei ville imøtekoma krava frå fangane. Dette viste seg å ikkje vera tilfelle.

Dei republikanske fangane gjekk difor på ny ut i sveltestreik frå 1. mars 1981, denne gongen slik at ein og ein fange skulle gå ut i streik med nokre dagars mellomrom. To politiske hendingar gav dei republikanske fangane høve til å gjera sveltestreikane til ei politisk sak som vart lagt merke til både nord og sør for grensa, og dessutan utanfor Irland. På grunn av eit dødsfall måtte det vera suppleringsval til det britiske parlamentet (underhuset) frå valkrinsen Fermanagh – South Tyrone i Nord-Irland, og det skulle vera ordinært irsk parlamentsval til parlamentet i Dublin.

Den fyrste republikanske fangen som gjekk ut i sveltestreik, Bobby Sands (Robert Gerhard Sands), var kommanderande offiser for IRA i Maze-fengselet og stilte til val i Fermanagh – South Tyrone. Ni andre fangar stilte til val i ulike valkrinsar i republikken Irland. Alle fangane stilte på Anti H-blokk-program, og var ikkje partikandidatar. Sands sin motkandidat var Harry West frå Ulster Unionist Party, tidlegare partileiar, tidlegare minister i Nord-Irland og tidlegare parlamentsmedlem. På valdagen 9. april 1981 fekk IRA-fangen Bobby Sands 30 492 røyster og vart valt. To av dei ni kandidatane i Republikken Irland var fengsla friviljuge i Irish National Liberation Army, resten høyrde til (Provisional) IRA. I to av valkrinsane nær den irske grensa (Cavan-Monaghan og Louth), vart fangekandidatane Kieran Doherty og Paddy Agnew valde til Dáil (parlamentet), med 15,1 og 18,3 prosent av røystene. Valsuksessane overraska stort, ettersom mediesensur verka på båe sider av grensa, og etablerte medier ikkje var venleg innstilt til desse kandidatane.

Kort tid etter at Sands vart vald, døydde han etter å ha sveltestreika i 66 dagar. Over 100 000 menneske fylgde Sands til grava i Belfast, der han er jordfesta på det republikanske området på Milltown Cemetery i Vest-Belfast. Valagenten til Sands, Owen Carron, stilte som kandidat ved det komande suppleringsvalet. Etter at dei britiske styresmaktene hadde gjort det ulovleg for fangar å stilla til val, stilte Carron som «Anti H-block/Proxy Political Prisoner»-kandidat. Han vart vald med større fleirtal.

Til saman døydde 10 republikanske fangar i sveltestreik i 1981. Bobby Sands var den fyrste som døydde (5. mai) og Michael Devine var den siste (20. august). Presset frå familiar og utanverda for å avslutta sveltestreiken vart massivt, og aksjonen vart avblåst 3. oktober 1981. Tilsynelatande oppnådde dei republikanske fangane ingenting, og fleire britiske medier utnemnde statsminister Thatcher som vinnar i kampen med dei republikanske organisasjonane. Det er vurderingar som vanskeleg let seg forsvara. Valsigrane til Bobby Sands, Kieran Doherty og Paddy Agnew var propagandasigrar, som IRA tolka som uttrykk for folkeleg støtte og som eit slags mandat for sin kamp. Massedeltakinga på gravferda til Bobby Sands tolka dei som at Sands var noko heilt anna enn ein vanleg valdsdømt kriminell. Sveltestreikane leidde til aukande rekruttering til IRA, og til påfylgjande auke i paramilitær aktivitet og offentleg uro. Sveltestreikperioden i 1981 var ein av dei blodigaste periodane i løpet av «the troubles».

Sveltestreikane og mobiliseringa til støtte for dei utanfor fengsla bidrog dessutan vesentleg til forsterka innsats i valarbeid og til klårt aukande oppslutnad for Sinn Féin i Nord-Irland i åra som fylgde. Alt i 1982-valet til Northern Ireland Assembly passerte Sinn Féin 10 prosent av røystene, og året etter vart partileiar Gerry Adams valt som MP (medlem av det britiske parlamentet) frå Vest-Belfast for fyrste gong. Gjennombrotet for Sinn Féin i veljaroppslutnad i Republikken Irland kom fyrst seinare, og var knytt til fredsprosessen fram mot Langfredagsavtala i 1998.

Sveltestreikane medførte at republikanarar i IRA-tradisjonen utvikla ein todelt strategi med både væpna motstand og meir eller mindre tradisjonelt politisk arbeid, der det siste gradvis vart viktigare. Denne utviklinga var ein av dei viktige føresetnadene for fredsprosessen i 1990-åra.

Dei britiske styresmaktene måtte gje mykje etter for fangekrava utan at dette nokon gong vart direkte vedkjend. Berre tre dagar etter at sveltestreikane vart avblåst, kunngjorde Nord-Irlandsminister James Prior at fangane skulle få gå i eigne klede. Kort tid etter sveltestreiken var det berre eitt av fem fangekrav som ikkje var etterkome, og det var retten til å ikkje kunne påleggjast fengselsarbeid. Men fengselsarbeidet vart sabotert av fangane, og seint i 1983 var arbeidslokala til fangane nedstengd. Dette var fordi 38 IRA-fangar hadde greidd å flykta frå Maze-fengselet i den største fangeflukta i britisk historie. Maze hadde vore rekna som eit av dei mest rømningssikre fengsla i Europa. Fangekrava vart difor i røynda fullt ut etterkomne.

Les meir i Store norske leksikon

Eksterne lenker

Litteratur

  • Bowyer Bell, J. (1990), IRA Tactics and Targets. An Analysis of Tactical Aspects of the Armed Struggle, Poolbeg.
  • Edwards, Aaron (2011), The Northern Ireland Troubles. Operation Banner 1969-2007, Osprey Publishing.
  • English, Richard (2004), Armed Struggle. The History of the IRA, Pan books.
  • Jackson, A. (red.) (2017), The Oxford Handbook of Modern Irish History, Oxford University Press.
  • O´Brien, B. (2019), A short History of the IRA from 1916 onwards. The O´Brien Press.
  • Smith, M.L.R. (1997), Fighting for Ireland? The military strategy of the Irish Republican Movement, Routledge.

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg