Faktaboks

Ingvild Bryn
Fødd
18. mars 1961, Voss, Vestland
Ingvild Bryn.
Ingvild Bryn
Ingvild Bryn.
Av /SCANPIX.

Ingvild Bryn er ein norsk journalist og programleiar i NRK, der ho sidan 1992 har vore anker i Dagsrevyen. Med sine mange år som anker har ho vorte ein av NRKs mest kjende profilar. Bryn er tildelt fleire prisar for framifrå språkbruk og for arbeid med nynorsk i kringkastinga.

Bakgrunn

Bryn kjem frå Voss. Etter examen artium ved Voss gymnas i 1980 var ho journalist i lokalavisa Horda Tidend (1980–1981). Dernest studerte ho norsk grunnfag og journalistikk ved Høgskulen i Volda (1981–1984) og statsvitskap ved Universitetet i Oslo (1985–1986).

Bryn er gift med Svein Gjerdåker.

NRK

Frå 1984 tok Bryn til å arbeide for NRK, først i NRK Hordaland (1984–1985) og sidan som reporter og vaktsjef i Dagsnytt. I perioden 1990–1992 var Bryn NRK-korrespondent i Stockholm. I 1992 vart ho programleiar i Dagsrevyen.

Bryn har òg utført andre oppgåver for NRK. Saman med Morten Harket var ho i 1996 programleiar for Eurovision Song Contest i Oslo Spektrum. Frå 1995 til 1999 var ho korrespondent i Washington i USA. Som første kvinne var ho i 2001 programleiar i NRK si sending under valnatta. Sidan har ho vore med på fleire valsendingar, mellom anna ved den amerikanske valvaka i 2008, 2016 og 2020.

Anna engasjement

Utanfor NRK har Bryn hatt ei rekkje engasjement. Mellom anna har ho vore aktiv i Mediemållaget, der ho var styreleiar frå 1988 til 1990 og sat i styret frå 2004 til 2010. Ho har òg vore aktiv i Verdens Barn, den eldste adoptivforeininga i Noreg.

Utmerkingar

Bryn fekk Kringkastingsprisen i 1998 og Alf Helleviks mediemålpris i 2004, begge for arbeidet med nynorsk i media.

I 2012 vart Bryn, saman med Arill Riise i TV 2, kåra til Årets nynorskbrukar. Dei fekk prisen for utsøkt språkbruk og framifrå bruk av normert nynorsk i moderne nyheitsjournalistikk i radio og TV. Same år blei Bryn tildelt Storegutprisen.

I 2022 vart Bryn tildelt Kringkastingssjefens språkpris.

Les meir i Store norske leksikon

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg