Ingvard Havnen

Faktaboks

Ingvard Havnen
Født
26. juli 1951

Artikkelstart

Ingvard Martin Havnen er ein norsk statsvitar og ambassadør med mange års arbeid i utanrikstenesta og media.

Ingvard Havnen er fødd 26. juli 1951 i Rosendal i Hardanger. Han tok examen artium ved Stord gymnas i 1971 og hovudfag i statsvitskap ved Universitetet i Oslo i 1979. Etter avslutta aspirantkurs i Utanriksdepartementet i 1982 tenestegjorde han ved norske utanriksstasjonar i New York, Brussel og Washington. Frå 1992 til 2000 var han pressetalsmann i Utanriksdepartementet, i alt for fem utanriksministrar. Han var ekspedisjonssjef ved Statsministerens kontor i 2005–2012.

Den første ambassadørstillinga hadde han i Canada i 2000–2005. Frå 2012 til 2017 var han ambassadør i Danmark. I begge stillingane har han hatt nytte av hovudfagsoppgåva i statsvitskap, som handlar om konfliktkontroll i nordområda. Til liks med Noreg er både Canada og Danmark medlem av Arktisk råd, og Havnen meiner at klimaendringane forsterkar dei felles interessene landa har i nord.

I Danmark har òg norsk innanrikspolitikk stått på dagsordenen. I samband med Solberg-regjeringa sine planar om kommunesamanslåingar, tok Havnen imot talrike norske delegasjonar som kom til Danmark for å lære av den danske kommunereforma frå 2007.

Havnen var utanriksreporter i NRK i 1979–1980. Samtidig med diplomatkarrieren var han frilans skøytereporter for NRK i 1980–2000 og 2006–2007. I bijobbane fekk han utløp for ei skøyteinteresse som hang ved han frå han var gutunge på det vinterfattige Vestlandet.

Stillingar

Les meir i Store norske leksikon

Litteratur

  • «Biografi og CV for ambassadør Ingvard Havnen», norge.dk. [lesedato 12.10.2014]
  • Anna Bjørshol: «Ingvard Havnen – en atypisk ambassadør», norge.dk. [lesedato 4.2.2015]

Kommentarer

Kommentaren din publiseres her. Fagansvarlig eller redaktør svarer når de kan.

Du må være logget inn for å kommentere.

eller registrer deg