Artikkelstart
Ingunn Røyset er ein norsk forfattar og journalist. Ho skriv barnebøker, og fleire av dei handlar om livet til barn i Noreg under andre verdskrigen.
Ingunn Røyset er ein norsk forfattar og journalist. Ho skriv barnebøker, og fleire av dei handlar om livet til barn i Noreg under andre verdskrigen.
Ingunn Røyset er utdanna sosionom. Ho har ein allsidig yrkesbakgrunn, mellom anna som stylist, sosialkurator og budeie. Sidan 1997 har ho arbeidd som journalist i Vikebladet Vestposten.
Røyset debuterte som barnebokforfattar i 2012 med biletboka Prins Storm. Temaet i boka er tilhøyrsel og retten til å vere seg sjølv, og ho handlar om guten Storm, som ikkje heilt passar inn. I 2014 og 2015 kom to barneromanar om Dagny: Dei et ikkje sjokoladepålegg i krigen og Aldri fred å få. 10-åringen Dagny opplever i begge bøkene ei tidsreise tilbake til andre verdskrigen. Røyset skriv eit dialektnært nynorsk, og måten hennar å sy saman krigshistorie og barndomsminne på er truverdig, spennande og engasjerande.
I 2017 kom dokumentaren Brevet frå krigen. Røyset skildrar med innleving korleis det var å vere barn under andre verdskrigen gjennom små, men også dramatiske hendingar i dagleglivet til Jorun Emilie Horn frå Oslo, som var 12 år gamal då tyskarane gjekk til åtak på Noreg. Røyset skildrar historia levande, slik at unge lesarar skal forstå krigen betre, og samtidig er ho oppteken av det universelle i korleis det er å vere menneske.
Kommentarer
Kommentaren din publiseres her. Fagansvarlig eller redaktør svarer når de kan.
Du må være logget inn for å kommentere.