Ingund

Artikkelstart

Ingund er eit kvinnenamn. Det er ein stavevariant av Ingunn som går tilbake til det norrøne Ing-unnr. I dette toledda namnet er forleddet gudenamnet Ing, Yngve. Etterleddet -unnr i norrønt går tilbake til verbet unna som tyder ‘elske’.

Namnet har fleire variantar: Ingunn, Inngunn, Ingun, Ingund.

Namnestatistikk

I perioden 1900–2017 var det omtrent 20 kvinner (fødde i Noreg) som hadde Ingund som det einaste førenamnet eller som det fyrste av fleire.

Les meir i Store norske leksikon

Kommentarer

Kommentaren din publiseres her. Fagansvarlig eller redaktør svarer når de kan.

Du må være logget inn for å kommentere.

eller registrer deg