Ingrid Bolsø Berdal

Faktaboks

Ingrid Bolsø Berdal
Født
2. mars 1980, Inderøy, Trøndelag
Ingrid Bolsø Berdal.
Av /SCANPIX.
Ingrid Bolsø Berdal i den første Fritt Vilt-filmen (2006)
Av .

Artikkelstart

Ingrid Bolsø Berdal er ein prisløna skodespelar som har tolka allsidige roller på teater og i film.

Bakgrunn

Ingrid Bolsø Berdal er fødd i Inderøy kommune i Nord-Trøndelag (no Trøndelag). Bolsø Berdal gjekk musikklina ved Inderøy vidaregåande skule i 1996–1999, før ho tok musikkfag ved NTNU, Universitetet i Trondheim, i 1999–2001. Ho tok skodespelarutdanning ved Statens Teaterhøgskole (no Teaterhøgskulen) i 2001–2004.

Skodespelarkarrieren

Teater

I 2004 debuterte ho ved Det Norske Teatret i Oslo med stykket Ned til sol. Seinare har ho spela i fleire oppsetjingar ved det same teateret, til dømes i Svart mjølk av Vassilij Sigarev (2004), Anton Tsjekhovs Ivanov (2005), Bikubesong av Frode Grytten (2005), Hair (2006) og monologen Fraülein Else av Arthur Schnitzler (2011). Bolsø Berdal har òg spela hovudrolla i Kristin Lavransdatter av Sigrid Undset under Kristindagene på Sel i Oppland (2004–2005). I 2013 gjesta ho Nationaltheatret i rolla som Cadette i Baby, ei rolle ho same år blei nominert til Heddaprisen for beste kvinnelege birolle/medspelar for.

Film

Debuten som filmskodespelar kom i 2006 i filmen Gymnaslærer Pedersen (etter ein roman av Dag Solstad). Den første hovudrolla var som Jannicke i skrekkfilmen Fritt vilt (2007), som Bolsø Berdal òg spela i dei to oppfølgjarane (2008 og 2010). Sidan har ho gjerne spela modige og sjølvstendige karakterar både i filmar og i fjernsynsseriar. Ho har hatt hovudroller i filmar som Sønner (2006), De gales hus (2008, etter ein roman av Karin Fossum), Svik (2009), Flukt (2012), Yngvild Sve Flikkes Kvinner i for store herreskjorter (2015), Forget about Nick (2017) og Spionen (2019, om Sonja Wigert).

TV

Ho har òg spela i fjernsynsseriar som Kodenavn Hunter 1 og 2 (2007–2008) og Hellfjord (2012). Stemma hennar kan i tillegg høyrast i NRK Radioteateret, til dømes i Din eneste venn (2010). Bolsø Berdal hadde hovudrolla som varslaren Ida Waage i serien Heksejakt (2020), samt ei av hovudrollene i familieserien Stjernestøv (2020).

Bolsø Berdal har òg hatt roller i fleire amerikanske produksjonar, mellom anna rolla som Atalanta i Brett Ratner sin actionfilm Hercules (2014) og i nettfjernsynsserien Westworld (2016–).

Utmerkingar

Dei allsidige skodespelarprestasjonane hennar har ført til fleire prisar. Ho vann Heddaprisen som Årets debutant i 2005 og Amandaprisen som beste kvinnelege skodespelar for rolla i filmen Fritt vilt i 2007. I 2009 vart ho nominert til same pris for oppfølgjaren Fritt vilt II (2008). Bolsø Berdal har eit bevisst forhold til dialektbruken sin, og i 2007 fekk ho Norsk Målungdoms dialektpris. I 2008 fekk ho Inderøy kommunes kulturpris. I 2020 fekk Bolsø Berdal både Gullruten og Seriekritikerprisen for Heksejakt (2020), begge i klassa beste skodespelar.

Les meir i Store norske leksikon

Eksterne lenker

Kommentarer

Kommentaren din publiseres her. Fagansvarlig eller redaktør svarer når de kan.

Du må være logget inn for å kommentere.

eller registrer deg