Ingmar Ljones

Faktaboks

Ingmar Ljones
Født
3. desember 1943, Strandebarm (no Kvam), Vestland

Artikkelstart

Ingmar Ljones er ingeniør, lærar og politikar. Som KrF-politikar og tidlegare stortingsrepresentant har han vore særleg oppteken av fag- og yrkesopplæring og sosialpolitikk.

Ingmar Ljones er fødd i Strandebarm (no Kvam). Han kom til Bergen for å gå på skule i ungdomstida og har budd der sidan, frå 1966 i Arna. Han starta yrkeskarrieren sin som industriarbeidar i firmaet Mjølner, før han tok teknisk utdanning ved maskinlinja ved Bergen tekniske skole 1965–1968. Han fullførte pedagogisk utdanning i 1973, med spesialpedagogikk som tillegg i 1979. Ljones arbeidde som faglærar, rådgivar og inspektør ved Arna yrkesskule i 1972–1986, der han mellom anna var sterkt engasjert i fengselsundervisninga på Ulvsnesøy. I 1986–1991 var han konsulent i Hordaland fylkeskommune, der han arbeidde med opplegg for elevar som trong ekstra ressursar.

Ljones sitt sosialpolitiske engasjement førte til verv i sosialstyre, barnevernsutval, edruskapsnemnd og hovudutval for skule i Bergen i 1980-åra. I 1991–1995 og 1999–2000 var han varaordførar i Bergen, i 1995–1999 og 2000–2001 ordførar. I 2001–2005 var han stortingsrepresentant frå Hordaland for Kristeleg Folkeparti og sat då i energi- og miljøkomiteen. I 2005–2009 var han vararepresentant. Ljones har hatt og har ei rekkje offentlege verv, mellom anna som leiar i Felleskyrkjeleg råd og i styret for bybana i Bergen.

Han fekk i 1997 tildelt den islandske Storriddarkrossen, i 1998 den tyske Stor fortenestekross og Kongens fortenestemedalje i 2011.

Les meir i Store norske leksikon

Eksterne lenker

Kommentarer

Kommentaren din publiseres her. Fagansvarlig eller redaktør svarer når de kan.

Du må være logget inn for å kommentere.

eller registrer deg