Ingleif er eit nylaga mannsnamn (1892) med Ing- frå til dømes Ingvald og -leif frå til dømes Torleif.

Namnet har fleire variantar: Ingleif, Ingleiv.

Fyrste namneberar

Den fyrste som vart registrert med namnet, var Ingleif Martinussen fødd 1892 i Kristiansund, busett i Klæbu i 1900.

Namnestatistikk

I perioden 1900–2017 var det omtrent 30 menn (fødde i Noreg) som hadde Ingleif som det einaste førenamnet eller som det fyrste av fleire.

Les meir i Store norske leksikon

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg