Faktaboks

Ingibjörg Haraldsdóttir
Fødd
21. oktober 1942, Reykjavík
Død
7. november 2016, Reykjavík

Ingibjörg Haraldsdóttir var ein islandsk diktar, omsetjar og regissør.

Ingibjörg debuterte i 1974 med diktsamlinga Þangað vil ég fljúga (Dit vil eg flyge). Dikta hennar er prega av eit nøkternt språk, lågmæle og minimal metaforikk. Haldninger som til dømes antimilitarisme og antikapitalisme kan lesast ut av enkelte dikt, men motiva er som oftast daglegliv og personlege livserfaringar. Produksjonen er høvesvis liten, men desto meir kresen, med høgdepunkt i Nú eru aðrir tímar (No er det andre tider, 1989), Höfuð konunnar (Hovudet til kvinna, 1995) og Hvar sem ég verð (Kvar enn eg vert av, 2003).

I 2007 gav ho ut sjølvbiografien Veruleik draumanna (Draumanes realitet).

Ei samla, delvis revidert utgåve av dei tre fyrste diktsamlingane hennar kom ut i 1991 under tittelen Ljóð (Dikt).

Ingibjörg Haraldsdóttir var også ein av Islands finaste omsetjarar, særleg av russisk og spansk litteratur.

Ho er representert med gjendiktingar på norsk ved Ivar Orgland i antologien Dikt av Islandske kvinner frå 1700-talet til våre dagar (1985).

Les meir i Store norske leksikon

Litteratur

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg