Faktaboks

Ingerd Ottesdotter

Ingerd Ottesdatter, Ingerd til Austrått, Ingerd Ottesdatter Rømer, Inger Ottesdatter Rømer, Inggjerd Ottesdatter Rømer, fru Inger, fru Ingerd, fru Ingjerd

Fødd
1475
Død
1555, Rovdefjorden på Sunnmøre
Gravlagd stad
Ørland kyrkje
Levetidskommentar
truleg fødd ca. 1475; nøyaktig fødselsår og fødestad er ikkje kjende; død (drukna ved forlis) 1555 (nøyaktig dødsdato er ikkje kjend)
Verke
Godseigar og lensstyrar
Familie

Foreldre: Riddar og riksråd Otte Matsson Rømer (død ca. 1512) og fru Ingeborg Lydersdotter (van Bergen?).

Gift seinast 1494 med riddar og riksråd, seinare rikshovmeister Niels Henriksson (Gyldenløve) (ca. 1458–1523).

Svigermor til Jens Thillufsen Bjelke (død 1559), Peder Hanssøn Litle (ca. 1500–1551), Vincens Lunge (død 1536) og Niels Lykke (død 1535).

Austrått

Ingerd var eigar av herregården Austrått. Hovedbygningen med det store tårnet. Foran ser ein det lukka borggårdskomplekset. Bildet er henta frå papirleksikonet Store norske leksikon, utgitt 2005-2007.

Av /KF-arkiv ※.

Ingerd Ottesdotter var ein norsk godseier, som blant anna eigde herregarden Austrått i Ørland. Ho var dotter av riksråd Otte Matsson (Rømer) til Austrått, og gift med rikshovmester Nils Henriksson (Gyldenløve; død 1523). Den eldste dottera deira vart gift med lensherre og riksråd Vincens Lunge, dei øvrige fire døtrene med andre innvandra danske adelsmenn.

Fru Ingerd eigde svære jordegods og innehadde flere len i det nordafjelske. I dei politisk urolege åra 1523–1537 var ho ofte framme i dagens strid, men stod under sterk innflytelse av svigersonen Vincens Lunge.

Historikaren Ludvig Daae kalla fru Ingerd «den sidste Repræsentant for Norges gamle Høiadel». Ho hadde sans for økonomi og godsdrift, men kunne nytte ufine middel for å nå sine mål. Saman med Vincens Lunge kom ho også til å spele ei viktig rolle politisk. Ingerd støtta Daljunkeren, som gav seg ut for å være Nils Sture, sønn av Sten Sture, og andre svenske politiske flyktningar. Ho lå også i årelang feide med erkebiskop Olav Engelbrektsson.

Det er ikkje grunnlag for det biletet Henrik Ibsen teiknar av henne som forkjempar for norsk sjølvstende i skodespelet Fru Inger til Østråt (1855/1874).

Slekt

Rømer, yngre slekt
Våpenskjoldet til den yngre Rømer-slekta, som Ingerd tilhøyrde.
Rømer, yngre slekt
Av /Riksarkivet.

Fru Ingerd høyrde til ei yngre grein av Rømerætta og hadde slektsline tilbake til Gertrud og Otte Rømer, som budde på Austrått kring 1400. Deira dotter Elsebe, gift med riddaren Jakob (eller Jep) Fastulvsson, overtok Austrått etter foreldra. Dei hadde borna Narve, Mats (fru Ingerds farfar, nemnd 1414–1456) og Gertrud, og fru Elsebe let godset gå samla til sonen Narve Jakobsson, som var gift med den danske adelsdama Filippa Borkvardsdatter. Då herr Narve døydde, gifte fru Filippa seg på nytt med riddaren Henrik Jensson (Gyldenløve), som var far til Ingerds ektemann Niels Henriksson. Arving til Austrått gard og gods var herr Narves og fru Filippas dotter Gertrud, og ho selde eigedomane sine til stefaren i 1455 Henrik Jensson. Det var såleis slektsgods Ingerd Ottesdotter kom til då ho gifte seg med Niels Henriksson.

Hovuddelen av det jordegodset fru Ingerd arva etter faren Otte Rømer, var part av den svære godssamlinga etter junker Hans Sigurdsson, som vart skift i 1490 (sjå Ingerd Erlendsdotter). Ingerd Ottesdotters farmor, Gro Alvsdotter, var ein av hovudarvingane, og på hennar part fall eigedomar i Sogn, Nordfjord, Finnmark og på Vesthavsøyane. Då broren Olav døydde kort tid etter faren, vart fru Ingerd einearving.

Ekteskap og born

Ingerd gifte seg med Niels Henriksson, seinast i 1494. I ekteskapet med Niels hadde ho fem døtre, som alle vart gifte med danske adelsmenn:

  1. Margrete (ca. 1495–ca. 1550), gift først med Vincens Lunge, så med Jens Split (død etter 1565)
  2. Eline (død 1532), gift med Niels Lykke
  3. Anna (død 1557), gift med Erik Ugerup
  4. Ingeborg (ca. 1507–1597), gift med Peder Hanssøn Litle
  5. Lucie (død 1555), gift med Jens Thillufsen Bjelke

Jens Split fekk i 1537 Hardanger og to år seinare Halsnøy kloster. Peder Hanssøn vart stor godseigar på Austlandet og var lensherreAkershus frå 1536 til han døydde. Jens Thillufsen Bjelke fekk utlagt Holms og Tautra kloster og hadde Jemtland i perioden 1542–1559.

Yngstedottera Lucie vart midtpunkt i den opprivande familietragedien i 1535, då ho fødde eit barn som svogeren Niels Lykke var far til. Barnet døydde, og herr Niels måtte bøte med livet. Fru Ingerd reagerte skarpt, men ho bønfall likevel erkebiskop Olav Engelbrektsson om å spare svigersonen, utan at det førde fram. Hendinga kan ha vore medverkande til at Lucie fekk utlagt hovudgarden Austrått, og ho og ektemannen vart stamforeldre til den norske greina av Bjelke-ætta.

Godseigar

Det første ein høyrer om Ingerd Ottesdotter i dei historiske kjeldene, er indirekte, i eit brev frå 1494. Brevet opplyser at Niels Henriksson og hustru vart opptekne i brorskapet til Nonneseter kloster i Bergen. Fru Ingerd er ikkje nemnd med namn, og ho er heilt anonym i brevmaterialet så lenge ektemannen levde. Han døydde seint på året 1523, og like etter markerer fru Ingerd seg både som godseigar og på den politiske arenaen.

Fru Ingerd hadde arva fleire eigendommar etter faren, men arvegodset ikkje nok for henne. Med god hjelp frå den velskolerte svigersonen Vincens Lunge freista ho å dra inn under seg godskompleks som ho hevda rett til. Først stod Giske-godset for tur, den godsmengda som Alv Knutsson hadde fått utlagt i 1490, og som hans soneson Karl Knutsson døydde frå i 1520. Fru Ingerd drog godset inn under seg, og først i 1533, etter dom av riksmøtet på Bud, måtte ho gje det frå seg. Men arvetrettene heldt fram til 1539–1540, då fru Gørvel Fadersdotter vart tildømt godset.

På den tida hadde ho også måtta melde pass i den lite ærefulle striden ho førde mot Ingerd Erlendsdotter, «gamle fru Ingerd». Denne arvestriden vart avslutta i 1529, då ein herredag i Oslo slo fast at godset skulle tilhøyre borna til Otte Holgerssøn. I 1526 prøvde fru Ingerd å få tak i Evje gard og gods i Rygge frå Gaute Galle, og i 1539 søkte væpnaren Trond Benkestokk hjelp av Eske Bille for å hindre at ho fekk hand om Meløy-godset på Helgeland. Eske Bille vart også bedt om å «gange y rette» med henne då ho prøvde å sikre seg del av arven etter svigersonen Niels Lykke.

Ingen av desse arvesakene vann fru Ingerd fram med, derimot fekk ho stor vinning på andre område. I konkurranse med erkebiskop Olav Engelbrektsson greidde svigersønene Vincens Lunge og Erik Ugerup å sikre seg dei lena som Ingerds ektemann Niels Henriksson døydde frå. Erik Ugerup fekk Vardøhus (seinare ombytt med Tønsberg len og St. Olavs kloster), medan Vincens Lunge overlet Fosen, Edøy, Romsdal og Sunnmøre til svigermora. Ingerd hadde i tillegg Stjørdalen og Herjedalen som pantelen, så brått hadde ho vorte ein av dei større «lensherrane» i landet. I 1529 overlet ho lena til Niels Lykke. Han hadde tidlegare styrt pantelena til svigermora, men i 1531 overtok ho dei sjølv. Stjørdalen fekk ho livstidsbrev på i 1537, og fire år seinare fekk ho på nytt Romsdal, saman med Reins kloster.

Politiske konfliktar

Det vitnar ikkje om politisk kløkt at fru Ingerd tok hand om den svenske opprørsleiaren Peder kanslar, som i 1526 vart fengsla i hennar len. Det gjer heller ikkje episoden med den såkalla Daljunkern, som gav seg ut for å vere sonen til Sten Sture, og som oppheldt seg på Austrått frå hausten 1527 til våren 1528. Ingerd let seg nok her bruke av Vincens Lunge, men vona sjølv på gevinst. Ho gav svindlaren husly, utstyrte han for ferda tilbake til Sverige og gav grønt lys for truloving med ei av døtrene sine, truleg Eline.

På 1520-talet bredde reformasjonen seg i Europa. Ønskjet om personleg vinning kan ha vore avgjerande for at fru Ingerd ikkje hadde vanskar med å avskrive katolisismen. Allmugen i Sogn klaga i 1529 over valdsferd frå henne og Vincens Lunge og hevda at dei hadde avskrive «then helgia christelighe troo». Det resulterte i konflikt med erkebiskopen Olav Engelbrektsson. I 1531 prøvde Olav å overtale fru Ingerd til å hylle den tidlegare kongen Christian 2., som var katolikk (medan den regjerande Frederik 1. var mer positiv til protestantismen), men det avviste ho med hånlege ord. I brev til erkebiskopen peika Christian 2. ut fru Ingerd og hennar to svigersøner som sine hovudfiendar, og ville ha dei fengsla. Erkebiskopen svara med å inndra alt godset hennar i Trøndelag, men måtte gje det frå seg att etter at Christian var jaga frå landet.

I 1531 vart fru Ingerd — sikkert etter eige påtrykk – vald til styrarinne for Reins kloster. To av dei klagemåla erkebiskopen la fram for kong Frederik i 1532, var at ho hadde «forweruit» (erverva) Reins kloster og svigersonen Niels Lykke Holms kloster «met gotz oc eygedelde tiil ewerdelig eggenn» (med gods og eigendelar til for alltid eigen). I den motsetnadsfylte tida som følgde etter riksmøtet på Bud i 1533, vart både fru Ingerd og erkebiskopen taparar: Ho miste to svigersøner og vann heller ikkje fram med arvekrava sine; han måtte strekkje våpen og røme landet. Som eit siste farvel då han segla ut Trondheimsfjorden for å dra i eksil, let Olav Engelbrektsson mennene sine plyndre Austrått.

Siste år

I 1539 oppheldt fru Ingerd seg hjå Erik Ugerup og dottera Anna på Seim, administrasjonsgarden i Tønsberg len, og herifrå skreiv ho til borgarar og råd i Deventer i Nederland for å få tilbake verdisakene etter Niels Lykke, som erkebiskopen hadde konfiskert. Det ser ikkje ut til at ho lykkast med det. Ho hadde no sjølv vorte «gamle fru Ingerd» og var nok merka av dei familiære tragediene. Men turen som ho i 1555 la ut på til Bergen, der ho hadde sin eigen gard, tyder på at ho tok del i styringa av godsa sine til det siste. Turen enda tragisk både for henne og dottera Lucie ved at båten forliste. Men dei vart funne etter forliset, og begge fekk si grav i hovudkyrkja på Ørlandet, nær ved Austrått.

Les meir i Store norske leksikon

Litteratur

  • Ludvig Daae: «Fru Inger Ottesdatter og hennes Døtre», i Historisk tidsskrift (HT), bind 3, 1874, s. 224–336
  • Edvard Bull d.e.: Vincens Lunge, 1917
  • Alexander Bugge: Norges historie fremstillet for det norske folk (NHfNF), bind 3:2, 1917
  • Halvdan Koht: biografi i Norsk biografisk leksikon, første utgåve (NBL1), bind 6, 1934
  • Henning Sollied: «Kildekritiske undersøkelser vedrørende nogen middelalderslekter. I. Rømer–Gyldenløve», i Norsk slektshistorisk tidsskrift (NST), bind 6, 1938, s. 245–279
  • Halvdan Koht: Vincens Lunge contra Henrik Krummedike, 1950
  • Halvdan Koht: Olav Engelbrektsson og sjølvstende-tapet, 1951
  • Per-Øivind Sandberg: Jordeboka over Hans Sigurdssons norske godskompleks. Et forsøk på rekonstruksjon av Sudrheimsættens jordegods i Norge ca. 1500, hovedoppgåve UiO, 1970
  • Lars Hamre: Norsk historie 1450–1513, 1971
  • Geirr Leistad: «Om ættene Rømer og Smør samt en seiglivet gjenganger i norsk middelaldergenealogi», i NST, bind 30, 1985, s. 124–130
  • Geirr Leistad: «Nesøya og nesøygodsets eiere i middelalderen og tidlig ny tid», i Asker og Bærum Historielag. Skrifter 37, 1997, s. 311–346
  • Øystein Rian: Den nye begynnelsen 1520–1660, bind 5 i ANH, 1995
  • Lars Hamre: Norsk politisk historie 1513–1537, 1998
  • arkivet til Adelsprosjektet v/Tore H. Vigerust
  • Halvard Bjørkvik: biografi i Norsk biografisk leksikon, andre utgåve (NBL2)
  • Diplomatarium Norvegicum (DN), bind 1 nr. 980, 1035, 1043 og 1075, bind 2 nr. 1111, 1114, 1125 og 1131, bind 3 nr. 1145, bind 5 nr. 1062, 1090 og 1095–97, bind 6 nr. 742 og 747, bind 7 nr. 579 og 676, bind 8 nr. 525, 663 og 707, bind 9 nr. 566, 568, 612, 623, 626–627, 631, 636–637, 640, 651, 656, 692, 699 og 713–725, bind 10 nr. 459, 514, 568, 630–632 og 738, bind 11 nr. 606–607 og 610–628, bind 12 nr. 428, 434, 533 og 585, bind 13 nr. 413 og 522, bind 14 nr. 551 og 622, bind 15 nr. 530, bind 16 nr. 540, bind 18 nr. 341 og bind 22 nr. 152, 155, 230, 351 og 388
  • Norsk rigs-registranter (NRR), bind 1, 1861

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg