Inger Blikra

Faktaboks

Inger Blikra
Født
12. juni 1961
Inger Blikra er den suverent mestvinnande styrkeløftaren i Noreg. Sidan 2017 er ho president i Noregs styrkeløftforbund. Her er ho avbilda under VM i Stavanger i 2006, der ho satte verdsrekord og tok gullmedalje.
Av /VG/NTB Scanpix.
Lisens: Gjengitt med tillatelse

Inger Blikra er ein norsk styrkeløftar frå Rana. Ho er både verds- og europameister i styrkeløft, og ho er den første idrettsutøvaren i Noreg med fleire enn 100 meisterskapsmedaljar.

I november 2017 vart Inger Blikra vald til president i Norges styrkeløftforbund.

Merittar

  • 18 gull og 9 kongepokalar i NM
  • Verdsmeister i 2006
  • Europameister i 1991 og 2007
  • Til saman 9 sølv- og bronse-medaljar i EM og VM

Karriere

Inger Blikra er den suverent mestvinnande styrkeløftaren i Noreg. I perioden frå 1986 til 2011 tok Inger Blikra 18 gull i NM, og ho fekk kongepokalen 9 gongar i den same perioden. I 1991 vann ho europameisterskapen i styrkeløft for første gong, ein prestasjon ho kopierte 16 år seinare, då ho tok EM-gull i 2007.

Blikra vart verdsmeister under VM i Stavanger i 2006. Ho vann då alle øvingane – knebøy, benkpress og markløft – i 75-kilosklassen.

Blikra vart i 2011 den første norske utøvaren uansett idrett med fleire enn 100 meisterskapsmedaljar, då ho tok tre nye medaljar under EM i styrkeløft.

Les meir i Store norske leksikon

Eksterne lenker

Kommentarer

Kommentaren din publiseres her. Fagansvarlig eller redaktør svarer når de kan.

Du må være logget inn for å kommentere.

eller registrer deg