Ingeniør Knut Berg julehefte 2016
Ingeniør Knut Berg julehefte 2016
Av .
Ingeniør Knut Berg på eventyr
Ingeniør Knut Berg på eventyr
Av .

Ingeniør Knut Berg er ein av dei klassiske norske teikneseriane, samt ein av dei første norske science fiction-teikneseriane.

Bakgrunn

Serien vart trykt i Nynorsk Vekeblad frå 1941 til bladet gjekk inn i 1954, og stripene frå serien vart samla i årlege hefte frå 1943. Bak serien stod teiknaren Ronald Stone (eigentleg Jostein Øvrelid) og forfattaren Vigleik Vikli (eigentleg Hallvard Sandnes).

Nynorsk Vekeblad kom ut frå 1934. Fram til andre verdskrigen samarbeidde bladet med Illustrert Familieblad, der mykje av stoffet og lysingane var felles, men på to ulike målformer. Samarbeidet stoppa då andre verdskrigen braut ut, og då Nynorsk Vekeblad tok opp att drifta hausten 1940, trong bladet eigne teikneseriar. Vangsgutane dukka opp same hausten, og i nummer 27/1941 kom den første sida med Ingeniør Knut Berg.

Tematikk og persongalleri

Serien braut heilt med det som var vanleg i norske teikneseriar. Vangsgutane og andre norske serieheltar heldt til på den norske landsbygda, medan Knut Berg, trass i det urnorske namnet, heldt til i framande land. Andre norske serieheltar var stort sett milde kvardagsmenneske, Knut Berg var ikkje framand for å ta livet av andre. Heile serien er ei kontinuerleg forteljing, som internasjonale førebilete som Lyn Gordon og Buck Rogers.

Den første tida har serien namnet Ingeniør Knut Berg på eventyr i Austerland, og då serien startar, har Knut Berg nettopp bygd ein jernbane i India. Som betaling skal han få ein neve edelsteinar frå skattkammeret til oppdragsgivaren. Der merkar dei at ein blå diamant er stolen, og dette er utgangspunktet for eit eventyr som går innom mange land, før han i 1949 tek turen ut i verdsrommet.

Sandnes og Øvrelid laga ein truverdig serie, der mykje av det dei skildrar, seinare vart realitetar. Når folk skal sendast ut i rommet, står rakettane vertikalt når dei vert skotne ut, ikkje på skrå, slik det var vanleg i samtidige utanlandske seriar. Knut Berg kommuniserer òg med andre via eit apparat som minner mykje om ein mobiltelefon.

Hovudpersonen i serien er Knut Berg. Øvrelid teiknar aldri nærbilete av han, slik at Knut Berg er ein relativt anonym seriehelt. Den kvinnelege hovudpersonen er prinsesse Aima, som vert redda av Knut Berg etter ein flystyrt, og som sjølvsagt får eit godt auge til han. Det ergrar Dr. Panga, som vert erkefienden til Knut Berg. Ved fleire høve trur både lesarane og Knut Berg at Dr. Panga er død, men han dukkar opp att med jamne mellomrom i serien. Knut Berg har òg andre hjelparar, først og fremst kraftkaren Max og munken Tala frå Tibet.

Årlege hefte

Ingeniør Knut Berg på eventyr 1946
Ingeniør Knut Berg på eventyr 1946
Av .
«Ingeniør Knut Berg versjon 3.0» av Øyvind Lauvdahl fra 2022.
«Ingeniør Knut Berg versjon 3.0» av Øyvind Lauvdahl fra 2022.

Serien vart populær, og i mars 1943 kom det første årlege heftet. Også i 1944 kom heftet om våren, men frå 1945 vart Ingeniør Knut Berg eit av dei mange julehefta. Til desse hefta vart det ikkje skrive nye historier, stripene frå bladet vart trykte kronologisk. Det førte til at hefta ofte kunne slutte medan spenninga var på topp, og dei som ikkje las Nynorsk Vekeblad, måtte vente eit heilt år for å finne ut korleis det gjekk.

Denne ventetida vart ekstra lang frå 1960. Det året kom det siste heftet med manus og teikningar av Sandnes og Øvrelid. Frå 2000 gav Fonna Forlag ut opptrykk av gamle seriar som julehefte kvart år, men først i 2007 heldt historia fram, i eit hefte med manus av Jon Bing og Tor Åge Bringsværd, og med teikningar av Knut Westad. Visuelt sett hadde mykje endra seg. Øvrelid endra svært sjeldan på det stramme formatet med seks ruter på kvar side, med tekst under kvart bilete. Westad var ikkje like bunden av dette, slik at sidene vert meir varierte. Teksten er òg flytta inn i rutene.

Frå 2010 til 2021 vart det årlege juleheftet med Ingeniør Knut Berg igjen opptrykk av gamle seriar, men i 2022 vart det premiere på «Versjon 3.0», eit splitter nytt julehefte skreve og teikna av Øyvind Lauvdahl. Den nye historia vart presentert i det klassiske oppsettet med seks ruter, to fargar og tekst under teikningane. Innhaldet er oppdatert til vår tid, med utbygging av jernbane til Finnmark, økoterrorisme, avkolonialisering, satellittar og nettbrett som nokre stikkord. Denne historia held fram i julehefta frå 2023 og 2024.

Namn på serien

Serien har hatt litt ulike namn. I Nynorsk Vekeblad heitte serien Ingeniør Knut Berg på eventyr i Austerland til 1943, Ingeniør Knut Berg på eventyr til 1949, då han skifta namn til Knut Berg på eventyr. Dei årlege hefta varierer mellom Ingeniør Knut Berg på eventyr og Knut Berg på eventyr fram til 1960, medan heftet frå 2007 heiter berre Ingeniør Knut Berg.

Les meir i Store norske leksikon

Litteratur

  • Knut Eide og Stig Kjelling: Norsk Tegneserie Index 8. Bodø 2001
  • Eirik Helleve: «Ingeniøren slår tilbake», Syn og Segn nr. 4/2007

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg