Ingeleiv er eit kvinnenamn som går tilbake til det norrøne Ingi-leif. I dette toledda namnet er forleddet gudenamnet Ing, Yngve. Etterleddet tyder ‘arving, etterkommar’.

Namnestatistikk

I perioden 1900–2017 var det omtrent 140 kvinner (fødde i Noreg) som hadde Ingeleiv som det einaste førenamnet eller som det fyrste av fleire.

Geografisk variasjon på 1800-talet

Geografisk variasjon i bruk av namnet Ingeleiv på 1800-talet.

Ingeleiv var mest brukt i Hordaland og Sogn og Fjordane.

Geografisk variasjon i bruk av namnet Ingeleiv på 1800-talet.
Av /Store norske leksikon.
Lisens: CC BY SA 4.0

Ingeleiv var mest brukt i Hordaland og Sogn og Fjordane.

Historisk bruk av namnet Ingeleiv
Historisk bruk av namnet Ingeleiv
Av /Store norske leksikon.
Lisens: CC BY SA 4.0

Les meir i Store norske leksikon

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg