Ingebreth

Artikkelstart

Ingebreth er eit mannsnamn. Det er ein stavevariant av Ingebret som er norsk form av det tyske Engel-brekt. Forleddet tyder ‘anglar (folkestammen)’ og etterleddet ‘lysande’.

Namnet har fleire variantar: Ingebrigt, Ingebrikt, Ingebret, Ingebreth.

Namnestatistikk

I perioden 1900–2017 var det omtrent 20 menn (fødde i Noreg) som hadde Ingebreth som det einaste førenamnet eller som det fyrste av fleire.

Les meir i Store norske leksikon

Kommentarer

Kommentaren din publiseres her. Fagansvarlig eller redaktør svarer når de kan.

Du må være logget inn for å kommentere.

eller registrer deg