Ingeborg Mjør

Faktaboks

Ingeborg Mjør
Født
28. november 1962, Bergen, Vestland
Død
27. september 2014

Artikkelstart

Ingeborg Mjør var førsteamanuensis i litteraturvitskap og barnebokkritikar som forska på barnelitteratur, lesing og mediebruk.

Bakgrunn

Ingeborg Mjør var fødd i Bergen i Hordaland (no Vestland). Ho var utdanna førskulelærar ved Høgskolen i Bergen (no Høgskulen på Vestlandet) i 1984–1987, cand.mag. i 1993 og cand.philol. i nordisk ved Universitetet i Bergen i 1996. Mjør tok doktorgrad i litteraturvitskap frå Universitetet i Agder 2009 med avhandlinga Høgtlesar, barn, bildebok. Vegar til meining og tekst.

Ho var avdelingsleiar ved Vognstølen barnehage i Bergen 1987–1996, universitetslektor ved Universitetet i Stavanger 1998–2010 og førsteamanuensis ved lærarutdanninga ved Høgskolen i Bergen frå 2010.

Barnelitteraturen

Saman med Tone Birkeland og Gunvor Risa gav ho ut Barnelitteratur. Sjangrar og teksttypar i 2000 (ny utgåve 2006). Boka er retta mot barnelitteraturstudiet i førskule- og allmennlærarutdanninga.

Ingeborg Mjør og Nina Goga var redaktørar for Møte mellom ord og bilde (2001), og Mjør var redaktør for Kulturbarnehagen (2002). I 2010 kom Temahefte om språkmiljø og språkstimulering i barnehagen, gitt ut av Kunnskapsdepartementet. Medforfattarar er Trude Hoel og Anne Høigård.

Mjør var barnebokkritikar i Bergens Tidende 1997–2000, skreiv barnebokmeldingar for Dag og Tid, var redaktør for kulturavisa for barnehage og småskule, Pirion (2000–2004) og sat i redaksjonen for det digitale tidsskriftet Barnelitterært forskningstidsskrift (frå 2010).

Verv

Mjør var styremedlem i Norsk barnebokinstitutt (2008-2014) og sat i to av underutvala i Kulturrådet (2000–2008). Ho hadde ei rekkje verv i Noregs Mållag gjennom mange år, mellom anna fylkesleiar i Hordaland, leiar i Stavanger Mållag og styremedlem og nestleiar i Noregs Mållag.

Les meir i Store norske leksikon

Eksterne lenker

Kommentarer

Kommentaren din publiseres her. Fagansvarlig eller redaktør svarer når de kan.

Du må være logget inn for å kommentere.

eller registrer deg