Ingeborg Eliassen

Faktaboks

Ingeborg Eliassen
Født
26. juli 1953, Ballangen, Nordland
Ingeborg Eliassen
Av /Cappelen Damm.

Artikkelstart

Ingeborg Eliassen er ein norsk dramatikar og barnebokforfattar. Det absurde pregar mykje av det ho skriv.

Bakgrunn

Eliassen er utdanna agronom, og ho var stipendiat som dramatikar ved skodespelarutdanninga ved Nord universitet i perioden 2016–19.

Ho har elles variert arbeidserfaring som mellom anna lærarvikar, krambodstyrar, postfunksjonær, dampskipsekspeditør og småbrukar. Sidan 1985 har ho vore heiltidsforfattar, med eit avbrekk i to år som fredskorpsarbeidar i Tanzania.

Forfattarskap

Eliassen debuterte med barneboka Berre ei lita ert i 1979 på Samlaget, med Bård Valberg som illustratør. Då hadde ho tre år tidlegare vore med i antologien Nordfra 75, utgitt av Nordnorsk forfatterlag. Barneboka Snarveien (2016), illustrert av Åshild Irgens, er utgitt i Kina, Finland, Sverige og Danmark. I 2018 kom Du tror det ikke før du får se det, illustrert av Hilde Hodnefjeld. Her møter vi eksotiske dyr inne på eit vanleg kjøkken, presentert med leikne, absurde vers som er bunde i hop med oppattakinga «Men det er ikke det verste». Denne prisnominerte utbrettbare boka, «leporelloen», fekk mange gode kritikkar.

Drama

I 1981 debuterte ho som dramatikar med høyrespelet Ka tru vest raset kjem, kringkasta av NRK Troms. Sidan har ho jamleg fått oppført nyskrivne skodespel og monologarteater ulike stader i landet. Stykket Crème de la crème vart oppført på Norsk dramatikkfestival i 2013. I 2020 kom I Boks, ei interaktiv framsyning om gamle menneske.

Utmerkingar

Eliassen vann Nordnorsk dramatikkonkurranse i 1985 med monologen Blusesøm. Barneboka Du tror det ikke før du får se det, vart nominert til både Havmannprisen og Kulturdepartementet sin biletbokpris for 2018.

Les meir i Store norske leksikon

Eksterne lenker

Kommentarer

Kommentaren din publiseres her. Fagansvarlig eller redaktør svarer når de kan.

Du må være logget inn for å kommentere.

eller registrer deg