Faktaboks

Ingebjørg Kasin Sandsdalen
Fødd
6. september 1915, Seljord, Vestfold og Telemark
Død
4. september 2003, Seljord, Vestfold og Telemark
Verke
Forfatter
Familie

Foreldre: Gårdbruker Olav Kjetilsson Kasin (1886–1932) og Såve Folkvarsdotter Blika (1877–1941).

Gift 1938 med dikter og gårdbruker Halvor J. Sandsdalen (1911–98).

Ingebjørg Kasin Sandsdalen var lyrikar og prosaforfattar. Gjennom nærmare 30 verk tolka ho livsmysteriet og dei nære ting. Naturbileta formidlar ofte ein etisk bodskap og ei erkjenning av mennesket si avgrensa tid. Frå første bok kan vi lese både lengt og forsoning.

Ingebjørg Kasin Sandsdalen var fødd i Seljord i Telemark. Ho voks opp i Svartdal i Seljord og gjekk grunnskule og eitt år på folkehøgskule. Som vaksen budde ho på garden Øvre Sandsdalen, med Seljordsvatnet og fjellhøgder i augesyn. Ho var politisk aktiv i KrF på lokalt plan.

Kasin Sandsdalen har ein formidabel diktproduksjon bak seg, frå debuten i 1950 med Hjarta av jord til den siste boka, Jord og tid, i 2001. «Jord», «hjarte» og «tid» er sentrale motiv. Årstidene omkransar trua på det guddommelege i alt. Natur og religiøsitet heng nøye saman. Kasin Sandsdalen skreiv dikt i frie former heilt frå starten, og fleire og fleire modernistiske – knappe og friske i forma. Men ho gav aldri heilt slepp på det meir tradisjonelle enderimet. Ein romankvartett om «linpresten» Skancke i Seljord på 1600-talet er ei særeiga folkelivsskildring. I 1970-åra skreiv ho om jenta Ingvild, i røynda hennar eigen barndom. I 1989 og 1991 kom to sjølvbiografiske bøker.

Kasin Sandsdalen levde eit forfattarliv saman med ektemann Halvor J. Sandsdalen. Ho fekk Sunnmørsprisen for diktsamlinga Guds lampe i 1965, Jørgen Vikør-prisen for diktsamlinga Treblåsaren i 1994 og Målprisen frå Noregs Mållag i 1995. I 1996 fekk ho Kongens fortenestemedalje i gull, saman med Halvor J. Sandsdalen. I tolv år var ho med i salmebokkomiteen som fagleg ansvarleg konsulent.

Les meir i Store norske leksikon

Eksterne lenker

Faktaboks

Ingebjørg Kasin Sandsdalen
Historisk befolkingsregister-ID
pc00000003254142

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg